Gode naboar

Entreprenør Lønnheim reknar med å få på plass alle vindauga og få eit tett bygg før jula kjem.

Medan entreprenør Lønnheim fylgjer sitt tidsskjema og underentreprenørane i dei tekniske faga sitt, har Syltemoa Sandtak teke på seg å køyre bort den massen som skal til for å opparbeide parkeringsplassen bak bygget for idrett og kultur i Valldal.

To lastebilar, ei gravemaskin og ein hjullastar var sist veke i full gang med arbeidet.

Flyttar masse

Jord vert lagt til side og skal nyttast når alt skal stellast til att. Massa vert køyrt ned på området til Syltemoa Sandtak. Noko av den vert nytta i deira produksjon, resten vert fyllmasse.

– Dette er ein grei måte for oss som firma å bidra til bygget for idrett og kultur i bygda, noko som kjem borna og brukarane til nytte i tida som kjem, seier Peter Melchior.

Han reknar med at dei ikkje kjem til å bruke så mange dagane før jobben er gjort, bilane og utstyret som nyttast er store og avstanden er kort.

Parkeringsplass

Parkeringsplassen på baksida av bygget var teikna inn på to plan. No er dette endra, og det er difor behovet for masseforflytting vart aktuelt. Med parkeringsplass på eitt plan vert det plass til fleire bilar og vedlikehaldet med brøyting og anna vert enklare.

I rute

I brakkeriggen til entreprenør Lønnheim er det pause og lokalavisa treff formann for snikkarane, Frode Hermansen.

– Vi håper på å få bygget tett og vindauga på plass før jul. Så langt går alt etter planen og eit realistisk mål er å kunne ta i bruk bygget til 17. mai, seier han.

Golvet i hallen og garderobane er støypt og ligg under plast. Plasten legg dei på for å unngå at golvet sprekk og reiser seg, etter to veker tek dei den av. I alle golv er det lagt røyr som fjernvarme skal varme opp bygga med. Denne veka er dei tekniske faga, elektrikar, ventilasjon og røyr i full gang med sitt arbeid.

Isolerer det gamle

Hallen og garderobane er i det heilt nye bygget og det er for entreprenøren greit å kontrollere framdrifta, det er på det eksisterande bygget det vert ein del tilpassing og utfordringar.

– No isolerer vi utvendig med 15 centimeter isolasjon og så kjem det lyse grå fasadeplater, lik dei som er på skulen, på plass til slutt, seier Frode Hermansen.

Lønnheim har tre skift med sju, åtte mann som går i turnus. Kvar søndag kjem det eit nytt lag, så det er ei overlapping på om lag ei veke. Arbeidarane er på jobb i tolv dagar og så har dei ni dagar fri. Frode Hermansen seier firmaet er frå Nordmøre, men at dei har arbeid absolutt i heile Norge.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no