Ei magisk stund

Lyssettinga var med på å skape magi i Norddal kyrkje tysdag kveld. Sigrid Moldestad saman med dyktige damer frå Oslo strings og Adam Johansson på gitar.

Vakker song og vakker musikk og blåtimestemning var det i Norddal kyrkje då Sigrid Moldestad tysdag kveld heldt konsert.

Det var kjekt å sjå at så mange hadde tatt turen til kyrkje denne kvelden, sjølv om vêr og føre var så som så, og endå kjekkare var det å sjå at halvparten av publikummarane hadde tatt turen frå andre sida av fjorden.

Det vi fekk høyre denne kvelden, var ei god blanding av hennar eigen musikk, andre sin musikk og julesongar. ”Vintersong” har ho kalla juleturneen ho no er ute på saman med strykarar frå Oslo strings. Folkemusikken er i botnen i alt ho gjer, men vi fekk høyre også litt meir rocka og poppete musikk.

– Eg omgir meg ofte med stramme karar, men i år pyntar eg opp med eit knippe flotte damer, sa Moldestad og introduserte Isa Caroline Holmesland og Ragnhild Lien på fiolin, Karoline Vik Hegge på bratsj og Kaja Fjellberg Pettersen på cello, i tillegg til Adam Johansson på gitar.

– Det fine med konsertar i desember, er at ein har mulegheit til å gripe fatt i musikk ein elles ikkje rører, sa ho og introduserte med det Bob Dylan sin ”Ring Them Bells”. Eg vil våge meg på å påstå at Moldestad sin versjon er mange hakk betre enn originalen.

Ei historie ho las frå i fleire vender, var novella ”Ittno’ knussel”, juleforteljinga om dei sju ungane som vart foreldrelause like oppunder jul – og den rike og bryske, men også varmhjarta enka Marte Svennerud.

– Dette er ei historie å ta med inn i ei tid der det gjeld å opne hjarta sine, meinte ho.

– Mange har eit rituelt forhold til kva dei må gjere, kva lukter ein må ha i huset julaftan for at det skal bli ordentleg jul, sa ho og trudde ikkje det er mange jenter fødde etter 1970 som ikkje på eit eller anna tidspunkt har drøymt seg vekk i magien i ”Tre nøtter til Askepott” – og dermed kom julestemninga endå litt nærare, då gjennomgangsmelodien til filmen vart spelt.

– Mange sterke historier kan knytast til jul, men uansett kor mørkt det er, finnest det lys og snart er det solsnu og ein ny vår ventar der framme.

Moldestad fortalde at i turnebilen går strikkepinnene for fullt – ho har med det eit lite håp om at ho etter å ha vore på turné med dei strikkande damene i Oslo strings iallfall skal lære seg å leggje opp.

– For det kan eg ikkje. Og det er ikkje alltid resultatet som tel, men tanken bak, sa ho og dermed kom songen om Jensemann som skulle lage gåve til mor.

Nokre meir tradisjonelle julesongar var også med som ”Det hev ei rose sprunge” og heilt til slutt ”Det lyser i stille grender”.

Med små historier, tankar og kjensler mellom songane i tillegg til vakre songar og dyktige musikarar, var det ei magisk og vakker kveldsstund i kyrkja som fekk julestemninga til å snike seg innpå.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no