Rikeleg med snø til dei små

Det er ikkje så mykje som skal til for å ha det kjekt i snøen.

Oppe i Lingåsen var snøen ikkje så blaut som nede ved fjorden og mange småbarnsforeldre hadde teke turen opp til aking og leik i snøen saman med borna. Bygdekvinnelaget i Valldal saman med Full fres, som er ei undergruppe i Bygdekvinnelaget med småbarnsforeldre som møtast ein gong kvar månad arrangerte. Dei heng opp plakatar i barnehagen, har eiga facebookgruppe og så nyttar dei lokalavisa til å informere om sin aktivitet. I tillegg til akebrett og anna sklireiskap vare det bobkøyring med tomflasker fulle av is. Dei heldt til i enden av hyttefeltet i Lingåsen og ei bålpanne var sett opp og arrangørane serverte varme rundstykke med ost og skinke.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no