Uredde ungdomar

Martinus pusser tenner og syng karaoke med god hjelp av Mari Hjelle og maria Rønneberg Grønningsæter.

Grendahuset i Norddal fyltest fort opp sist laurdag då ungdomsskuleelevane frå Eidsdal skule hadde sin årlege kabary.

Teppet gjekk opp og der stod alle ungdomane på ungdomsskulen i kvite skjorter og song California Dreamin». Fleirstemt og med solosongarar, ei musikalsk opning som passa bra.

Flinke skodespelarar

Ungdomane bytta på å introdusere og det var mange morosame kommentarar og framstillingar.

– Og hugs å kjøpe nok kake og slikt i pausa så vi slepp å ta utgangsbillett, var ein av dei. Første sketsjen var om han som var sterkt plaga av stamming og som samstundes var politietterforskar. Ikkje noko problem å få opplysningane ut av banditten då han måtte hjelpe etterforskaren å snakke. Ein onkel hadde gitt ikkje heilt rette opplysningar til sine nevøar og dei ville gi onkelen medalje heilt til dei skjønte at han ikkje ein gong var fødd då heltedådane var gjort. Morosame sketsjar med overbevisande skodespelarkunst.

Så litt leven bak i salen før programverten i Killerkaraoke kjem sleskt inn i salen. Her skulle ein modig herre synge karaoke med hindringar undervegs. Hylande morosamt med tannpuss, tabascosnus og isbad som hindringar. Då han kom til voksing klarte han ikkje meire.

Kommunesamanslåing

Dans og musikk var grunnlaget for fleire av innslaga og åttande- og niandeklasse dansa linedans med ein tøff cowboyintro. Då linedansen var over flaug hattane rundt i salen.

Sketsj var det også om kommunesamanslåing og indre stridigheiter i Norddal kommune, illustrert gjennom eventyret om reve-enka. Herr rev (Valldal) var spist av Robek og revenka (Eidsdal) sat sønderknust att med sin gode ven (Norddal). Den fyrste friaren var Stordal. Med stoffprøver i hendene kom han smygande og fekk karakteristikken ”Han har peng og fin songstemme, men er litt bleik om nebbet”. Neste friar var Ålesund med AaFK-flagg og rette lyden. Her var karakteristikken ”Stor og sterk med mange venar, men for oppteken av seg sjølv”. Så kom Stranda med slalåmski og briller og ein pizza i hendene. ”Flink i svingane, men dårleg kosthold” var orda han fekk før reveenka og hennar gode ven, Norddal, kasta seg i armane på kvarandre og fann ut av det.

Enkelt og bra

I sketsjen ”to gærne og ei gal” var tema kroppspress. Dei to gærne småpratar så fint og er sååå gærne medan den gale ser heilt sjuk ut og er ikkje akkurat fin i munnen. Enkelt og bra. Elevar frå tiande klasse på piano, munnspel, bass, trommer og song framførte ”Pianoman” som siste nummer før pause. To kioskar heldt matkøa nokolunde i sjakk og folk kosa seg med mat og prat ein liten time før andre del av programmet.

Det starta med elevar frå åttande- og niandeklasse som song ”Hit the road” til eige akkompagnement med piano, synt, bass og trommer. To dristige gutar frå tiandeklasse viste fram den nye moten med tettsitjande bukser. Utruleg morosamt og tøft gjort. Så var det eit blikk innom eit klasserom med frekke elevar og gode kommentarar før den humoristiske filmen om kjeldesortering av åttande- og niandeklasse vart vist. Tiandeklasse spelte songen  ”New Soul” med band og song før elevane i dei to fyrste trinna på ungdomsskulen fekk språkkunnskapar testa med kostymer frå landa dei representerte.

Programvertane frå åttande klasse presenterte tiandeklasse sitt dansenummer og åtvara mot at dette var noko dei òg måtte gjere når dei kom så langt. Dansenummeret var frigjerande og det var umuleg å sjå at nokon ikkje ville dette. Flott og å sjå kor frie og uredde dei var i framføringa av dansen. Siste nummer før avslutningssongen var ein sketsj niandeklasse hadde laga om korleis dei trudde læraren sette karakterar.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

A