Håper på godt vêr

Knut Vikenes og Lene Vikene har ette kvart lang fartstid på Kokarsteinen.

– Eg håper på 28 grader og sol heile ferien, seier Knut Vikenes, som står for den daglege drifta ved Kokarsteinen på Dyrkorn.

No når sommartrafikken aukar på, har dei begynt å halde ope kvar dag i staden for berre i helgene. Knut Vikenes har vore drivar siste åra.

– Det er kjempegøy. Du veit, når eg har foreldre med masse ballar i lufta, så har eg sikkert arva litt genar, seier han og ler.

Plassering

Ein av grunnane til at dei held dagope no, er dei mange turistbussane som køyrer her. Berre måndag føremiddag var det 13 bussar innom. Knut fortel at det ikkje er så mange kronene kvar av passasjerane legg att, men dei kjøper kanskje ein is eller eit kort, og så får dei gå på toalettet.

Kokarsteinen er ein populær stoppestad, ikkje minst på grunn av at det er god parkering og ei flott utsikt.

På sommaren er det opptil 6.000 bilar som passerer på denne strekninga kvar dag.

Knut fortel at det er absolutt mat dei sel mest av, men også softis går det mykje i, oppi 30 liter for dag. Sist søndag selde dei for 14.000 kroner i softis. Når kvar is kostar mellom 30 og 35 kroner, blir det ein god del istapping.

Sommarhjelp

Knut jobbar også som vertskap på Blåtind og gler seg til det vert skuleferie og dei faste sommarhjelpene er på plass. I år er det også ei ny medan dei andre har jobba her i fleire sesongar.

Knut har vore ansvarleg drivar siste åra, men fortel at han har vore på Kokarsteinen kvart år sidan han var 14 år og meiner at han er den som får best til softisen

– Eg tek det personleg om dei andre får til betre softis enn meg, seier han og ler høgt.

Veret

Knut Vikenes ser fram til ein god sommarsesong. Besøket på Kokarsteinen er svært veravhengig. Er det dårleg vêr og kladt, er det ikkje så mange som har lyst til å stoppe og nyte utsikta.

– Eg håper på ein fin sommar, det er kjekt å ha folk her, då er det gøy å drive butikk, seier han.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no