Nye funn på Krynkelen

Nærast ser vi platået på Krynkelen med dei to breane. Etter det kjem Litlehornet, midt i biletet Breifjellet. Trolltindane til høgre og Finnan (1789 moh) til venstre. Biletet er teke frå Blåhornet (1665 moh) av Astor Furseth.

Fagarkeologar frå Bergen universitet og Bergen Museum, fem i talet, var for eit par veker sidan på ein fire dagars ekspedisjon på platået oppe på Krynkelen i Valldal.

Med seg hadde dei mykje avansert måleutstyr og aggregat og alt saman vart løfta opp av helikopter.

Stadig nye område

Bjørn Hessen, fjellmann og oppdagar og arkeolog Runar Hole var saman med Astor Furseth opp på Krynkelen i 2015. Det vart funne fleire fangstanlegg, spor etter leiemurar og særs interessnte kvartsavslag. Med det som utgangspunkt kom dei mannsterke frå Bergen for å leite, kartlegge og registrere funn av gjendstandar og fangstanlegg. Økonomisk støtte fekk dei frå Riksantikvaren sine akuttmidlar. Når breen trekkjer seg attende, er det mogleg å gjere nye interessante funn som òg kan reduserast eller forsvinne om dei vert liggande for lenge.

Mange funn
Langs snøkanten oppe på platået på Krynkelen fann dei denne gongen eit pileskaft av tre, kvartsittavslag, tydeleg skapt av menneske, ein neverkrull som kan ha blitt brukt til å henge på eit ledegjerde for å skremme reinen, stein i et ledegjerde i tillegg til heile 56 bogestille.

Arkeologane ser på funna som interessante og det vil verte laga ein vitskapleg rapport som vil datere funna. Dei vil òg kartlegge og prøve å tenkje seg korleis fangstanlegget på platået oppe på Krynkelen har fungert.

Stort engasjement

Interessa til Astor har vart lenge og han har heile tida påstått at fangstanlegga rundt om i fjella i området har vore veldig gamle. I starten trudde ekspertane at desse bogestilla var frå vikingtida, men då protester Astor Furseth.

– Den gongen var desse platåa dekte av is og snø, så dei kunne umuleg ha vore frå vikingtida, seier Astor engasjert. No viser det seg at dei eldste funna, gjort på Fetegga, er så gamle som 6500 år. Buplassen i Langfjelldalen er datert til å vere 10.500 år gammal.

Astor Furset er glødane engasjert og fortel med stor innleving om alle dei plassane han gjerne skulle ha vore og undersøkt.

– September er den beste månaden å leite i fjellet og det kjem folk frå fylket denne hausten som mellom anna skal ein tur på Ringshornet. Det er mange plassar eg gjerne vil leite etter restar etter fangstfolket, spesielt der breane trekkjer seg attende. Min teori er at til høgare vi finn fangstanlegga, til eldre er dei, seier Astor Furseth. Han er på om lag 28 til 30 fjellturar kvar sommar og haust og brukar om lag ein månad kvart år på å leite etter spor frå fangstfolket i høgfjellet.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no