Held husa på Ruggå ved like

Erling Rødal tek ei lita pause og det står berre litt att på den eine veggen før huset på Ruggå er behandla utvendig mot vind og regn. Det luktar godt av tjøre, linolje og terpentin

Erling Rødal har saman med Petter Egil Selboskar drive med vedlikehald av husa på Rugga dei siste dagane.

I gnistrande haustsol har dei sett inn treverket med ei eksklusiv blanding av milebrend tjøre, linolje og terpentin.

Ein primus står på staden, den nytta dei til å varme opp tjøra.

–Det vert lettare å blande tjøra når den er varm, seier Erling Rødal.

I tillegg til huset med både benkar, bord og informasjon er det òg kome opp ein utedo.

Den  vart sett opp fordi det var trong om det. Etter kvart er Ruggå blitt ein mykje besøkt plass, sist søndag var det 2086 signaturar i boka og sannsynlegheita for at noko av dei må på do er stor.

– Då er det godt å ha ei skikkeleg løysing for slikt, seier Erling og viser Storfjordnytt korleis dei tømmer skiten. Eit greit system som er både enkelt og hygienisk å tømme. Det pakkast til slutt inn i plastsekkar og kastast i søpla.

– Det vert ikkje så mykje i løpet av ein sesong, seier Erling Rødal.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no