Avskjed til ståande applaus

Dei som er med i Charis er frå venstre Mathilde Vinje Øvrebust, Julie Olsen Almås, Emilie Sylte Hove, Vilde Lorgen Øvrebust og Amalie Ekroll Hove.

Dei fem gullstrupane i gruppa Charis frå Stordal markerte plateslepp og tok eit musikalsk farvel som ein gjerne kan sjå i reprise. Stordal kyrkje hadde fullsette benkar.

– Overveldande, sa jentene sjølve.

– Kom att når de kan, seier vi.

Frå barn til vaksne

Lykter med levande lys langsmed benkane og framme i koret laga ei dunkel og sakral stemning då dei kom gåande opp midtgangen. Vi høyrde røystene før vi såg jentene. Fem unge kvinner med livet framføre seg. Song har samla dei i mange år.

– Ragnhild byrja å jobbe med oss før vi klarte å seie «r», fortalde ei av jentene smilande.

Ragnhild Fauske, mellom anna førstelektor ved Høgskulen i Volda og mangeårig «kormor» for jentene, har brukt mykje av tida si for at jentene skal få kome dit dei er i dag. Det starta for jentene i Stordal barnekor då dei var tre år gamle. Då dei vart for gamle for å vere med i barnekoret, starta Ragnhild opp vokalgruppa «Charis» med dei. 

– Det seier sitt når Ragnhild har teke av arbeidstida si for å jobbe saman med oss, sa jentene og sikta til innsatsen dirigenten har gjort saman med dei.

Åra med song har ikkje berre gitt jentene gleda av å synge saman. Dei har og fått trening i å stå på scena og formidle til publikum.

Foreldre har bidrege der det har trongdes dei og. Denne kvelden var det flott heimebakst og kaffi i våpenhuset som ikkje hadde vore akkurat så bra som den var utan at «ho mamma» hadde vore til hjelp.

Fleire å takke

– Vi må takke Sparebanken Møre for midlar til å gjennomføre plateprosjektet, sa Ragnhild.

– Av verksemder som har bidrege nemner eg mellom andre Anitas Systue, Stordal bedehus, helselaget i Stordal, Stordal kommune og Norsk Luthersk Misjonssamband som barnekoret i Stordal er tilknytt, heldt ho fram.

– Eg hadde ikkje trudd at eg skulle oppleve ein konsert med jentene, sa Ragnhild rørd.

For to år sidan vart ho tildelt Stordal kommune sin kulturpris, Charis mottok Stordal kommune sitt kulturstipend for tre år sidan.

Dei har hatt godt musikalsk samarbeid med Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe i Ferdafolk. Plateprodusent Ingrid Hanken frå Nordic Voices og tilretteleggjar Odd Johan Overøye har vore viktige for at plateprosjektet skulle gå i boks. 

Juleplate

Resultatet har vorte ein jule-cd med religiøse tonar frå mange ulike land. Frå vårt område er det snakk om folketonar frå Stordal, Skodje og Sykkylven. Musikk frå Sverige, Frankrike, irsk middelalder, katalansk julesong og Sør-Afrikansk voggesong er mellom det som er representert på plata, og vi fekk fyldige smakebitar denne kvelden. Mellom framføringane fekk vi vite litt om historia bak kvar einskild låt. 

– Det handlar om mora som syng for det vesle barnet sitt som ligg i vogga. Far til barnet er ute på reise, og ei stjerne på himmelen skal vise han vegen heimatt til sine. 

Det var Odd Johan Overøye som kom med desse orda då Sør-Afrikansk voggesong skulle framførast av jentene. Og for ei rytme og instrumental oppleving det vart! Kombinasjonen av klare kvinnerøyster og musikk frå ulike land og ulik tidsalder var spesiell og fengande. Samspelet mellom songarar og musikarar var gjennomført og  godt heile vegen.

Jentene seier sjølve at dette er ei opplevingsreise dei kjem til å hugse resten av liva sine.

«Deilig er jorden» tona klokkeklart ut mot slutten av konserten. Takk for ei herleg stund i kyrkja!

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no