40 doble rom nede ved fjorden

Aktiviteten er stor på Grandane i Valldal og på Valldal Fjordhotell. Hotellet skal overleverast bygg-herren, Classic Norway, i månadskiftet juni/juli og 24. juli er hotellet ope for booking. Den dagen er hotellet fullt i følgje Runar Myklebust i Classic Norway.

Tysdag sist veke var Storfjordnytt på vitjing på det som snart er eit flott og flunkande nytt fjordhotell i Valldal. Parkeringsplassane på området er fulle av bilar frå forskjellige firma og alle har hendene fulle med oppgåver.

Ein titt

Leif Bendik Hustad, FDV teknikar i Classic Norway, er på byggeplassen og saman med prosjektleier Arnfinn Øen i Consto Nord Vest AS vert Storfjordnytt med ein rundtur på hotellet.

Vi kjem inn hovudinngangen, der det om ein månad skal vere ein resepsjon, bar og restaurant. Inn til høgre er kjøkkenet og til venstre er det møterom. Med det same du kjem inn, er det vanleg takhøgde, men litt lengre inn i restauranten mot baksida opnar det seg opp med høge store vindauge og ei storslått utsikt. Det same vert det når du kjem ut på området på baksida.

Romma

Leif Bendik Hustad viser rundt først på kjøkkenet og får eit og anna spørsmål frå folk som lurer på noko undervegs.

Vi går gjennom kjøkkenet som nærast ser ferdig ut og Leif Bendik Hustad viser personalrommet før vi går inn i den vestre fløya med rom. I enden ned mot fjorden er det eit hjørnerom som har vindauge på to vegger og med storslått utsikt mot fjord og fjell. Over senga på alle romma er det montert store gamle bilete frå Valldal som viser historiske hendingar eller stader.

Logistikk

Det er mykje som skal på plass, men Arnfinn Øen i Consto Nord Vest AS seier dei har alt under kontroll og at det går som planlagt.

– Vi har hatt ein kort byggjeperiode og med unnatak av litt kluss med vêret når vi skulle støype i starten, har alt gått etter planen, seier han og legg til at når byggetida er så kort og med mange underleverandørar og prefabrikerte element, er logistikken utruleg viktig.

Leif Bendik Hustad har mange jarn i elden og forsvinn etter kvart inn i oppgåvene sine.

– Ta kontakt når det nærmar seg. Då vil òg Cecilia Hedvall, som skal vere hotellsjef, vere tilgjengeleg, seier han.