Skulekorps i Valldal i 50 år

Valldal skulekorps med forsterkingar og delar av Stranda skulekorps under leiing av Evgeny Zhukov.

Søndag var det jubileumsmarknad med Valldal skulekorps i idrettshallen på Martin Linge-huset.

Det er fyrste gongen dei held til der, men så er det òg jubileum og dei gjorde det for å få god plass til korps og drill og alle dei om lag 200 som hadde møtt opp. Mange born sit på kanten av stolane og ventar på starten. Dei er klare til å springe bort til tombolaen, der er det mange interessante ting.

NMF

Nils-Gunnar Solli, regionstyreleiar i Norges Musikkorps Forbund takkar fint for invitasjonen og fortalde om viktigheita av alle skulekorpsa i organisasjonen og dei kjekke opplevingane born og vaksne får oppleve gjennom arbeid og deltaking i organisasjonen. Han ønskte korpset til lykke med jubileet og ønskte dei ei god framtid. Til Storfjordnytt fortel han at i Valldal har dei ein god organisasjon og ei god leiing, noko som er særs viktig saman med ein dyktig dirigent.

– Og så er det viktig med rekruttering, det er framtida til skulekorpsa, det må vere eit kontinuerleg påfyll, legg han til. 

Ved sidan av han sit Evgeny Zhukov, den nye dirigenten til korpset. Han tok til i august i haust og er i høgste grad ein kulturarbeidar. Han er tilsett i kulturskulen på Stranda og har oppgåver på Hellesylt, Stordal og Stranda og Valldal. Han er tilsett som pianolærar og spelar sjølv fløyte og har stor kunnskap om treblås. Han øver med Valldal skulekorps måndagar og synest det er kjekt med fellesprosjekt slik som i dag, då Stranda skulekorps er med på konserten saman med musikantane frå Valldal.

Historia

Therese Jemtegård Moen tek mikrofonen og ønskjer velkomen til jubileumsmarknad. Ho presenterer aspirantane og to av dei spelar ein fin song kvar. Det var litt vanskeleg å få med seg kva som vart sagt i byrjinga, på grunn av problem med lydanlegget. Dette er allereie meldt tilbake til koordinator for Martin Linge-huset og vil bli utbetra.  Ein marknad med Valldal skulekorps inneheld i tillegg til tombolaen, musikk og drill, kransekakelotteri og loddbøker. Mange, gjerne frå den eldre garde, vert ståande ei heil stund for å skrive i bøkene.

Kakebordet skal sjølvsagt ikkje gløymast, det var smakfullt og folk kosa seg med kaffi, prat og gode kaker. 

Det er spesielt med eit 50-årsjubileum og mange er til stades for å kose seg saman med andre, verte underhaldne i tillegg til å støtte opp om skulekorpset i bygda. Mange har eit forhold til det i løpet av dei femti åra dei har halde på. Terese Jemtegård Moen hadde sett på historia til laget og fortalde mange interessante og morosame hendingar frå den og mange har gjort mykje for å halde korpset i gang. På borda låg ein morosam og inkluderande song som Rolf Havnen skreiv tidleg på 1980-talet og som fungerte godt som allsong. 

Korpset

Korpset hadde øvd inn nokre morosame og spreke melodiar og drilltroppen fikk vist seg fram med elegante rørsler. Anders Jørgen Gjerde fekk stor takk for alle dei åra han har dirigert korpset og han fekk dirigere korpset ein siste gong. 

– Det var spesielt å få lov til å dirigere den siste melodien, og med ståande applaus vart det nesten for mykje av det gode, er hans eigne ord.

Utfordringar

– Det er rekruttering vi arbeider mest med i Valldal skulekors. Det er den største utfordringa no. Vi har fått til eit prosjekt i lag med skulen som heiter «korps i skule», det går ut på at tredjeklassingane har korps i musikktimane. Klassesett er på plass og der lærer dei notar, i tillegg er det kjøpt inn instrument dei kan nytte. Vi har stor tru på at dette vil gje vinn-vinn effekt både for musikkfaget i skulen, og auke aspirantpåmeldinga i kulturskulen. Årets aspirantkull er fem i talet, i tillegg til tre nye i drilltroppen. Det er vi godt nøgde med, seier Terese Jemtegård som er leiar av Valldal skulekorps.

– No har vi fått ein ny og dyktig dirigent på plass og så arbeider vi jamt og trutt med å skaffe midlar. Vi har redusert dugnadsarbeidet til eit minimum og at det er så mykje av slikt arbeid, er rett og slett ei myte. No er det korpsfestival kvart tredje år, marknad og kakesal 17. mai vi har dugnad på, seier leiaren. Med det vil ho sende eit signal til foreldre om å melde på borna sine til eit lærerikt og kjekt miljø i Valldal skulekorps.

I desse tider jobbar dei med å få ferdig ein jubileumskalender med bilete frå alle åra korpset har spelt. Ein jubileumskonsert i byrjinga av desember med Brass Brothers står òg på programmet.

 

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

 

Mange hadde funnet vegen til Martin Linge-huset i Valldal då Valldal skulekorps markerte 50-årsjubileet sitt.