Katrin Hasund nyt vårsola saman med katten. Den er ein gammal omplasseringskatt frå Stordal som har funne seg godt til rette på Nerhagen i Fjørå. Statens Vegvesen leiter etter feilen med vatnet oppe ved vegen.

I vårsola på Nerhagen i Fjørå sist veke rusla Katrin Hasund rundt med ei trillebår, ei rive og ei saks til å klippe frukttre med.

Oppe ved vegen var Statens Vegvesen i gang med å prøve å finne ei løysing på problemet med vatnet som eit røyr ikkje svelger unna.

Frukttre

– Vi har hatt problem med vatnet ei god stund. Eit forsøk på å veite vatnet rundt ein anna veg, fekk ei gammal kisteveite øydelagd. Vi er litt ueinige kven det er sitt vatn, men vi håper vi får løyst problemet snart, det er det viktigaste, seier Katrin og set frå seg trillebåra.

– Eg er ikkje så god til å klippe frukttre, men det er berre å prøve. Hjorten har forsynt seg godt denne vinteren, så eg kan vel ikkje gjere så mykje gale. Aprikostreet på nedsida av løa har fått stå i fred og det blomstrar denne tida, seier Katrin.

13 sauer

Medan ho gjeng og arbeider har ho eit øyre til fjøsen. Der inne er dei 13 sauer og ni av dei skal lamme. Nummer ti er fyrst ut og datoen skal vere 13. april, men heilt sikker kan du ikkje vere. 

– Alle sauene har namn og nummer ti vert kalla Tiril. Det er ein gammal sau som lett kan lure meg, seier Katrin Hasund og legg til at ho likar å stelle med dyr og at det er liv i fjøsen. Glad er ho òg for at ho har ein kårkall ho kan støtte seg til når det trengst.

Til vanleg finn du Katrin på Bunnpris i Valldal der ho har arbeidsplassen sin. No ventar alle på at bygda skal vakne til liv og at den travle vår- og sommarsesongen skal starte.

I huset der familien til Katrin bur i dag er dei to vakse og to born. Sjølv har ho budd i Fjørå i om lag ti år. For lenge sidan var det ti born som vaks opp i det same huset. 

– Det er så godt å kjenne sola når ho varmar og godt å sjå Linerla trippar rundt. No er det vår i Fjørå, konstaterer Katrin.

Familien trivst godt i Fjørå og yngsteguten vert fem år denne sommaren. Han går i Syltebøen barnehage på avdelinga Syltefjellet.

Sist haust, når dei hadde fått heim alle sauene frå fjellet, spurde yngstemann ein søndag om dei ikkje skulle smørje matpakke og dra for å leite etter sauene. Han fekk til svar at no var alle sauene komen heim.

– Ja, men kva skal vi gjere på søndagane då, svarte guten.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no