35 kilo rjomegraut og ikkje ei ku

Valldal spelemannslag spelte opp til dans med slåttar av mellom anna dei lokale spelemennene Martinus Hoel og Monrad Myklebust og Stordal folkedansgruppe svinga seg på grusen så godt dei kunne.

Det summa godt av prat på Nedstestølen i Valldal sist søndag då Valldal helselag arrangerte seterdag for n-te gong.

Folk prata og helste og Stordal folkedansgruppe rusla rundt i sine turkise uniformer. Dei skulle svinge seg i dansen til Valldal spelemannslag sine tonar når folk hadde fått i seg litt graut.

Kjekt med så mange

Folk i alle aldrar var å sjå, barn så store at dei leika på eiga hand og nokre så små at dei måtte vere i lag med foreldra eller ei stolt bestemor eller bestefar. 

Valldal helselag har mange flittige hender og dei hadde det travelt med å ause opp rjomegraut. Betalte du 100 kroner, fekk du graut med tilbehør, kaffi og kaker, ei praktisk løysing.

– Seterdagen er Valldal helselag sitt hovudarrangement. Her kan folk kose seg med vener, spise god mat og høyre på musikken. Så mykje folk som det er her i dag trur eg ikkje eg har opplevd tidlegare. Godt og vel 35 kilo rjomegraut har gått med, seier leiaren i helselaget, Nina Beate Grøndahl.

Gammal støl

Ei dame frå Øvrebust og ei frå Fjørå sit og pratar på ei steinhelle utføre eit sel.

– Det verkar som om denne stølen er godt planlagd med sela på ei side og dei fleste fjøsa på den andre. Eg har jo ikkje høyrt til i denne kommunen, men det gjer eg vel snart, seier ho frå Øvrebust. 

– Ja, det er sant. Eg veit ikkje heilt kvifor dei fleste husa står på denne sida av elva no, men det finn vi vel ut om vi les i boka «Til seters» som handlar om setrane i Norddal, seier ho frå Fjørå.

Når Storfjordnytt smugkikar i boka som Valldal Bygdekvinnelag står for, får vi ikkje eit heilt klart svar på det, men rasfare kan vere ei årsak. I boka står det mykje om stølen, mellom anna at den har 20 medeigarar, 15 på Døving, to på Gjerde, to på Høghjelle og ein i Myren. Stølen er av dei største i Norddal kommune og har ei lang historie, skrifter frå 1719 viser til «paa sætteren». Det vart setra der fram til 1962 og i dag vert området nytta som beite til sau og til rekreasjon for dei som har sel der og andre.

Fint turterreng

Nokre sette frå seg bilen ved fylkesvegen og gjekk fram til stølen, andre fann plassar på vegen fram og andre betalte bompengar og parkerte like ved stølen. Naturen i området egnar seg godt som turterreng og Berilldalen, Berillkoppen med fremste og heimste vatnet ligg ikkje langt unna.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no