Eit måleri det er vert å ta vare på

Eit staseleg sceneteppe som på utmerkt vis syner bygda i fine fargar før Tafjordulykka. Frå venstre dei to konservatorane Helene Skoglund-Johnsen og Ingrid Grytdal Matheson. Frå venstre på den andre sidan av bygda Turid Aspehjell, Solrunn Erstad og Inger Liv Berdal.

Måndag denne veka var to med god greie på gamle måleri på vitjing på ungdomshuset i Tafjord.

Tre damer frå ungdomslaget var vertskap og laget hadde leigd inn Helene Skoglund-Johnsen og Ingrid Grytdal Matheson for å vurdere omfanget av arbeidet ved å restaurere det gamle sceneteppet og prisen på arbeidet. 

Meir enn laget greier

Den rapporten vil Tafjord ungdomslag nytte når dei skal finne midlar til arbeidet. Dei ser at ungdomslaget ikkje greier å finansiere det omfattande arbeidet med eigen økonomi og må i tillegg prøve å finne midlar andre stader.

Dei tre engasjerte som er til stades på ungdomshuset måndag denne veka har allereie starta førebuinga til korleis laget og bygda kan gjere ein eigeninnsats.

Då Storfjordnytt kjem inn dørene sit medlemmane i ungdomslaget saman med dei to konservatorane og et lunsj. Eit rikt oppdekka bord med mykje godt å ete og drikke. 

Identitet

Engasjementet er stort i bygda for å få restaurert sceneteppet og ungdomshuset er sentralt i identiteten til bygda. Det klenodiet som sceneteppet i Tafjord er, vil dei gjerne ta vare på og då er det viktig at nokon engasjerer seg.

– Frank Iversen var leiar i ungdomslaget tidlegare og la ned mykje arbeid med å få restaurert det gamle sceneteppet. Det var heilt på nippet til at arbeidet vart starta, men noko kom i vegen, seier Turid Aspehjell. Ho er på ungdomshuset saman med Solrunn Erstad og Inger Liv Berdal.

100 år i år

Då dei hadde bestemt seg for å setje i gang tok Turid Aspehjell kontakt med museumssenteret i Hordaland der ho fekk vite at det burde vere ein målerikonservator som skulle sjå på dette. Dei sendte ei liste over dei som hadde den kompetansen. Det enda opp med at Helene Skoglund-Johnsen og Ingrid Grytdal Matheson, som kjenner kvarandre gjennom arbeid dei har gjort saman tidlegare, kom på vitjing til Tafjord måndag denne veka for å sjå på sceneteppet.

Teppet er eit oljemåleri måla på eit preparert bomullstoff. Det er måla av Rudolf Krog i 1920. Han var mest kjend som teatermålar, men måla òg ei rekkje foreiningsfaner, mellom desse er fanene til Rovde Ul. og Ul. Vaarglytt på Sunnmøre. Ungdomshuset i Tafjord er bygd i 1918 og ikkje lenge etter tok ungdomslaget eit val mellom å få på plass utstyr til kinoframsyning eller eit sceneteppe. Det vart eit måleri på eit sceneteppe som syner bygda på utmerkt vis slik den var i 1920, lenge før Tafjordulykka. Sceneteppet kosta 1300 kroner, då var alt materiell inkludert. Det var på plass i ungdomshuset i 1920 og har såleis 100-årsjubileum dette året.

Stor jobb

– Det er eit bilete i stort format og då vert det ein stor jobb å sette det i stand. På den tida dette bilete er måla var det vanleg med utsmykking av offentlege bygg. Det var ei identitetsbygging i landet den tida. No skal vi gjere undersøkingar og registreringar og så skal vi arbeide fram eit skriftleg tilbod som ungdomslaget kan nytte vidare i arbeidet for å få på plass finansiering, seier Ingrid Grytdal Matheson. Ho seier det er eit fint bilete, men at det har slitasjeskadar på målinga etter å ha blitt heist opp og ned, det er hol i det fleire stadar, i tillegg til at det har store fargeskjoldar. Bomullstoffet er slite og toler ikkje så mykje og må heilt sikkert forsterkast og teppet må sendast ut av bygda for å få arbeidet gjort.

Dei to konservatorane trur ikkje det vil ta så alt for lang tid før teppet kjem attende til Tafjord om dei får starta på arbeidet.

Det eldste ungdomslaget

Ungdomslaget i Tafjord er det eldste ungdomslaget i tidlegare Norddal kommune og vart stifta i 1894. Den fyrste leiaren var Asmund Haare. Han var i bygda den tida for å byggje Nedstebrua der han var arbeidsformann. Det var mange som hadde arbeidet sitt i Tafjord den tida og med fleire folk i bygda voks lagsaktivteten.

På slutten av fjoråret fekk dei ferdig det nye kjøkkenet i kjellaren, eit grovkjøkken og lager. 

– Det er så koseleg å arbeide her på kjøkkenet no. Vi er ein bra gjeng som er engasjert i det arbeidet på huset, seier Solrunn Erstad.

Dei arbeider stadig for å forbetre huset og det neste dei skal gjere er å lage nye toalett som er tilpassa rullestolbrukarar.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no