Godt å ha noko å halde på med

Alfred Johansen fekk ikkje mykje fisk i garna denne dagen, men ein fin lyr, ein torsk og ei krabbe vart det.

Alfred Johansen i Stordal var fredag i førre veke på veg ut for å drage tre garn han hadde sett i skuggen av fjellet i Stordal.

Storfjordnytt treffer han på småbåthamna i hans Rana 17-fot, ein båt som fungerer utmerket til hans bruk.

10-12 omfar

– Sist vinter var det nokon som stal den gamle Johnson-motoren eg hadde og då kjøpte eg denne, ein Suzuki med 25 hestekrafter. Småbåthamna var full av nye flotte motorar, men det var min gamle dei tok, seier Alfred og kastar loss.

Storfjordnytt er med som speidar og dekksgut og får etter kvart auge på blåsa ikkje langt frå land, i skuggen av fjellet på den sida av der Stordalsholmen ligg.

– Det sig inn litt fisk no, det pleier det, men om eg får noko i dag, det veit eg ikkje. Eg har tre små garn ute, dei er vel ein 10-12 omfar vil eg tru. Såg fisk på ekkoloddet då eg sette garna i går. Eg trivst godt på sjøen og somrane er eg på Helgeland, og det er bra der òg, seier han medan han manøvrerer båten bort til blåsa.

Steinen på botnen sit fast i eit stort tre, men etter kvart kjem den opp og så startar han å dra garna. Ei praktisk innretning over ripa gjer at garna glir lett ombord. Vi må sjå lenge etter fisk i dei denne dagen. Til slutt er ein grei torsk, ein lyr på om lag tre kilo og ei krabbe komne om bord.

Fiskemat

– Det vert no mat av det òg. Fire middagar til to personar kan eg tenke meg. Torsken vert kokt og lyren fileterer eg til steikefisk. Hadde det vore meir lyr og litt sei, hyse og er veldig bra, då hadde det blitt fiskemat av det. I slutten av mars er det hysa kjem innover i fjorden. Den er ikkje her i Stordal lenger enn to, tre dagar. Har du garn i sjøen då, vert det god fiskemat. Hysa fer fort vidare inn fjorden. Ein kompis på Ørskog har fått nokre ferdatorskar, så dei er vel på veg inn fjorden om ikkje lenge dei med. I dag orkar eg ikkje greie garna med det same, eg får ta det att seinare, seier hobbyfiskaren i Stordal på veg inn mot småbåthamna i Stordal.

Knivmakar

– 12. februar kjem sola i Hovslia og då går det fort mot lysare tider. Vi flytta inn i huset der i 1977. Eg kom til Stordal og arbeidde ti år på Helland før eg starta for meg sjølv med snikkararbeid. I dag har eg mykje å halde på med, båt, hytte, hus og denne månaden skal det starte eit knivkurs i Valldal som eg skal halde. Eg har laga knivar ei lang stund, kjekt å halde på med form og farge, skape noko, lage noko som folk har bruk for. Det var meir av slikt tidlegare, men eg held no framleis på. No når eg er pensjonist synest eg det er viktig å ha noko å halde på med, vert du sittande i ein stol, ja då vert det lange dagar, seier Alfred Johansen og slepp på land mannskapet.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no