Driftsbygning totalskadd i brann

Slik såg det ut kort tid etter at brannen hadde starta.

Ei driftsbygning på Veiberg i Eidsdal brann onsdag kveld ned til grunnen.

Det har ikkje vore dyr i Nerigarden på Veiberg på nokre år, så ingen var i løa då den starta å brenne ved 22-tida onsdag kveld. Det er heller ingen som bur på garden fast, så det var heldigvis ingen fare for at liv skulle gå tapt.

Alt tilgjengeleg mannskap rykka ut, men løa var heilt overtend då dei kom på staden. Dermed var det å syte for at ikkje brannen spreidde seg til omkringliggande bygningar.

Det er sterk vind i Eidsdal i kveld, men til alt hell var vindretninga slik at flammane ikkje truga våningshuset. Einaste skadene som er rapportert så langt er sprekkar i nokre vindauge.

Brannmannskapa arbeidde på spreng, men løa stod ikkje til å redde.