Norddal går saman med Stordal

Norddal kommunestyre har nettopp røysta over den inngåtte intensjonsavtalen med Stordal. Fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for innstillinga til rådmannen, og med vedtaket i Stordal i går, vert det ein ny kommune på Indre.

Resultatet av voteringa vart 11-6 for samanslåing. Dei som røysta imot, var delar av Senterparti-gruppa og representanten frå SV.

Meir om debatten vert å lese i neste utgåve av Storfjordnytt.