Konkurrerer i matte

Hels på niandeklassen ved Eidsdal skule som etter kvart har fått smaken på å konkurrere i matematikk. Frå venstre Solveig Eide Grønningsæter, Olina Elfrida Nystad, Sigve Nydal, Knut Elias Dalhus og Pauline Birkeland.

SKULE: I april reiser niande klasse ved Eidsdal skule for å representere Møre og Romsdal i semifinalen i UngeAbel matematikkonkurranse.

Dei er ikkje mange i klassen, men flinke er dei; Solveig, Olina, Knut Elias, Sigve og Pauline. Ikkje var det alle som likte matematikk like godt heller, men det ser ut til å ha gått seg til undervegs.

– Eg likte ikkje matte så godt, men likar det betre no, slår Sigve fast.

Til semifinale

Så langt har det vore to innleiande runder i den landsomfattande konkurransen. Lærar Tordis B. Nesse fortel at den første runden var før jul og den andre i januar. Dei får 80 minutt der dei saman skal løyse seks oppgåver.

– Om vi ikkje greier å blir ferdige med alt innan fristen, må vi levere likevel, seier elevane.

For å bruke dei 80 minutta effektivt, har klassen vore delt i to – på den måten har dei rukke over alle oppgåvene. Så langt synest både lærar og elevar at vanskegraden på oppgavene har variert mykje.

– Noko har vore kjempelett, og så er det andre oppgåver som er ganske så vanskelege, fortel ho.

Førebuingar

Over heile landet har til saman 116 skular vore med i konkurransen – og no skal eidsdalingane konkurrere mot elevar frå dei 18 andre fylka i landet. Konkurransen går over tre dagar og vinnaren går vidare til den nordiske finalen.

Lokalavisa vil gjerne vite korleis dei førebur seg til noko så rart som ein matematikkonkurranse. Journalisten får strenge blikk frå elevane, liksom dei vil seie at mattekonkurransar er noko aldeles dagledags. Dei viser meg oppgåva dei held på med no, ei prosjektoppgåve som skal løysast på førehand og takast med til Gardermoen. Når dei er vel framme der, blir det oppgåveløysing på tid.

– Eg veit ikkje heilt korleis vi skal førebu oss. Først må vi løyse prosjektoppgåva vi har fått og så får vi sjå kva vi gjer vidare. Skulen har vore med før, men aldri gått vidare, seier lærar Tordis som er mektig stolt av elevane sine.

– Eg håper vi går vidare, avsluttar Pauline på veg ut døra for å gjere det dei eigentleg skulle denne måndagsmorgonen.

– Kjekt

Rektor Geir Olav Øien som synest det er kjekt at elevane er vidare i konkurransen. Og også kommunalsjefen for opplæring og kultur, Karl André Birkhol synest dette er storvegs.

– Det er ikkje første gongen at skular i Norddal kommune hevdar seg høgt oppe. Vi har vist over lang tid at vi har dyktige elevar, seier han og seier det mellom anna skuldast engasjerte foreldre og dyktige lærarar med høg kompetanse og stort engasjement.

– Resultata i Norddal kommune er stikk i strid med all statistikk, likevel så har vi resultata, slår han fast og peikar på at skulane er svært flinke til å bruke lærarressursane på tvers av klassestega som ein av suksessfaktorane.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no