Stort spenn i bidraga til UKM

Desse fire jentene kalla seg «Tigers comeback» og dansa til ein miks av fleire ulike låtar – til og med
musikk frå Svanesjøen var mellom dei. Eit artig innslag.

Kultur: Stordalingane gjekk mann av huse for å få med seg årets utgåve av UKM, det var vel verdt både tida og inngangsbilletten.

Med om lag 300 publikummarar til stades var nær kvar tredje stordaling på plass i Stordalshallen søndag kveld for å sjå flotte sceneinnslag og mange kunstbidrag.
Maria Holand Tøsse, Ola Stavseng og Joakim Helland Helgesen utgjorde juryen i årets UKM, og dei starta kvelden med å vurdere bidraga i kunstutstillinga. Stavseng som sjølv er kunstnar, meinte at det var mange gode bidrag, og mange ulike bidrag både med omsyn til teknikk og motiv. Dei tre diskuterte og noterte og vurderte ivrig medan det framleis var nokolunde folketomt i salen.

Frå scena var det stort spenn i innslag – frå tøff gangsterrap til Mozart, song, dans og akrobatikk. Lokalavisa kan berre konstatere at det gror godt i det unge kulturlivet i Stordal.
Det er vanskeleg å trekkje fram einskildbidrag for alle var svært flinke. Men utsendingen frå lokalavisa let seg imponere av Josef Nedregård på piano. Josef er tolv år, men med tanke på vanskegraden på pianosonaten av Mozart og måten han vart spelt på, var det vanskeleg å tru at det var ein tolvåring som trakterte tangentane.
To særs spretne gutar var også med: Cato Falch og Remy Nyli Johnsen viste fram akrobatikk i høgt tempo. Flikkflakk, salto og ymse annan hopp og sprett var til å bli reint sveitt av berre ved å sjå på.

Elles var sceneinnslaga prega av song og dans, meir piano og også eit filmbidrag var det. Etter at alle hadde vist seg fram, kunne juryen slå fast at det ikkje ville bli nokon lett jobb å velje ut dei bidraga som går vidare til fylkesmønstringa.

Desse fire jentene kalla seg «Tigers comeback» og dansa til ein miks av fleire ulike låtar – til og med musikk frå Svanesjøen var mellom dei. Eit artig innslag.