Den gamle furuskogen i Liabygda

Jostein Dalen i eit skravert område av kalkfuruskogen på Overå i Liabygda som etter miljøregistreringane ikkje skal røyvast.

LANDBRUK: For at skogeigarar skal få levert tømmer må dei i dag ha ein miljøregistrering i skogen sin (MiS). Plan- og næringsavdelinga i Allskog har nyleg levert ein slik plan til nokre grunneigarar i eit område av Liabygda. 

Store delar av den gamle furuskogen i Liabygda er klassifisert som kalkfuruskog og skal ikkje røyvast. I skogbruksplanen er Mis-registrering (miljøregistrering i skog) viktig. Det skal betre kunnskapen til skogeigarane om miljøverdiar i form av biologisk mangfald og kulturminne i skog, i tillegg til å utvikle metodar for registrering og overvaking av desse.

Rikeleg med mangfald
Skogeigarane i Liabygda som tinga skogbruksplan har gått saman og skrive brev der dei protesterer mot forslaget til Mis-registreringane i bygda.

Dette gjer dei fordi dei meiner det finnest så mykje av både kalkfuruskog og biologisk mangfald i skogen i dei bratte liene opp frå fjorden som ikkje er tilgjengeleg for hogst og at den skogen som er drivverdig må kunne nyttast av grunneigar. For enkelte av skogeigarane er over ein tredel av arealet hamna i kategorien som ikkje skal røyvast.

Vert litt sur
Ein av grunneigarane er Jostein Dalen på Overå. Av dei 220 måla med skog han har på eigedommen sin, er det 80 mål han ikkje får røyve. Det er den skogen som er lettast tilgjengeleg og som han har stelt i mange år.

– Du vert litt sur på ein ein måte når nokon berre bestemmer over dine ressursar. Eg skjønar at naturtypar og biologisk mangfald må takast vare på, men hadde håpa at dei ville sjå heile dette området under eitt, seier han.

Han viser Storfjordnytt eit område på Overå som er skravert på kartet og som ikkje skal røyvast.

Har eit håp
Grunneigarane har i møte med Allskog prøvd å få til ei endring av skraveringane av Mis-registreringane av furuskogen i Liabygda og at kartet endrast til fordel for dei. Håpet er at Allskog og styresmaktene kan sjå heile området under eitt og frigi meir av den drivverdige skogen. På skypemøte fredag 18. februar kom Allskog med nokre nye forslag, men dei er bundne av nasjonale krav og retningsliner.

Skogbrukssjefen
I 2010 var kartla ein biolog frå fylkesmannen sjeldne artar og naturtypar i Liabygda og på grunnlag av desse har Allskog laga skogbruksplanen for grunneigarane. I tillegg må dei forholda seg til den  nasjonale skogforvaltningsstandarane.

– Vi må gå ut frå at biologen som fylkesmannen leigde inn, har gjort sine undersøkingar korrekt, seier Asle Johan Bergseth Konnerth, skogbrukssjef i Stranda.

– På ein måte har tida gått litt frå skogeigarane i Liabygda, seier han og legg til at hogstmoden skog har blitt ståande på rot i generasjonar og det er i desse gamle skogane dei sjeldne naturtypane tek bustad. Furua er heller ikkje lenger så etterspurd i marknaden og når kostnaden for å ta ut skogen vert store, er det lite lønsemd i det.

Den gamle skogen
Furuskogen i Liabygda har i lang tid vore kjend for å ha god kvalitet. Mange i området har nytta seg av denne resursen. På nettsida til Miljødirektoratet i ein naturbase der, er der eit faktaark om den tørre kalkfuruskogen i Liabygda.
Der står det at ein av grun-nane til at skogen i området er så gammal, er at området ikkje vart utsett for flatehogst under den såkalla hollendartida (frå kring 1500 til kring 1850). 

Sunnmøringen den gongen såg på furuskogane i «Norddalsjøen» som ein ressurs som kunne kome godt med i dårlegare tider, framfor det kortsiktige kommersielle potensialet, noko som òg ei viktig årsak til at den gamle skogen finnest over eit så stort areal.

Det finnest kart på nettet som viser førekomstar av naturtypar langs Storfjorden. Frå Stordalsholmen til Linge er førekomstane hyppige. Ei nettside som kan nyttast er: kilden.nibio.no