Ny vassleidning og reinseanlegg i drift

Folk frå Steinsvik AS si avdeling i Sykkylven går gjennom prosedyrer på ovetakingsdagen av anlegget til Fjørå vassverk SA.

Fjørå: I går, onsdag 8. mars overleverte Steinsvik AS offisielt det nye reinseanlegg og sjøleidninga til Fjørå Vassverk.

Steinsvik AS har vore totalleverandør på heile systemet som i dag er ei sjøleidning frå Kvennhusneset til Hyseneset og frå Hyseneset og ut att i fjorden, før den svingar inn i Vika. Totalt er det 4200 meter med røyr som ligg i fjorden.
Investeringa vassverket i Fjørå har gjort er på totalt 4,5 millionar kroner utan moms.

– spennande prosjekt
– Det har vore eit spennande prosjekt for oss, det ser bra ut og fungerer godt, seier Geir Arne Albertsen i Steinsvik AS.
Dei legg stor vekt på å levere driftssikre anlegg og anlegg som er lette å betene. Dagen for den offisielle overtakinga gjekk dei gjennom anlegget og testa det som kunne skje og prosedyrar.
Driftsmanualar var sjølvsagde og også eit opplegg for helse miljø og sikkerheit. I eit slikt anlegg har dei vatn under høgt trykk, UV-stråling og klor som må behandlast på ein forsvarleg måte.

I drift
27. januar sette dei vatnet på den nye leidninga over fjorden og sidan den tid har dei testa anlegget. No er alt klart, med eit lite unnatak av den gamle leidninga frå oppsamlingskummen i Fjørå og til Vika. Der har dei ein liten lekkasje som vil forsvinne når dei får kopla på den nye sjøleidninga til Vika.
Det har vore mykje arbeid og ein hektisk periode med drift av det gamle anlegget og samstundes lage eit nytt. Mange har vore engasjerte og lagt ned eit stort arbeid. No ser dei føre seg ei framtid med lite vedlikehald og sikker og god vassforsyning i Fjørå og Vika.

Gjennomgang
– Vi har frå dag ein fått god hjelp av Steinsvik AS til å utvikle og setje saman anlegget vårt. Vi hadde nokre ønskje i starten som vi lett kan sjå att i det ferdige anlegget og no gler vi oss over det flotte anlegget, seier leiar i Fjørå vassverk SA, Paul Fredriksen.
Etter ein god kopp kaffi og nydelege vaflar, som ei Eva hadde laga, starta alle dei som var tilstades på ein gjennomgang av anlegget.