Å undergrave innbyggjarane sine meiningar

Slik teikna «sørsideinitiativet» det nye kommunekartet. Kvar kommunegrensene skal gå, er enno ikkje avgjort.

I førre Storfjordnytt vert det referert til vidare prosess når det gjeld grensejusteringssaka som bygdene Norddal og Eidsdal har tatt initiativ til. Det er nedslåande å lese uttalane frå politikarane i Norddal, og eg meiner dei nok ein gong viser at det politiske miljøet i Norddal gjer sitt beste for å undergrave både det arbeidet som har vore gjort i saka, og ikkje minst dei klare signala frå innbyggjarane på «sørsida».

Minner om prosessen

Det er tydlegevis på tide å minne om nokre kjennsgjerningar i saka, for det synest som om einskilde hugsar uvanleg kort.

Bygdene Norddal og Eidsdal køyrde heile tre innbyggjarundersøkingar før det vart sendt søknad om grensejustering. Den eine av desse hadde som mål å gje politikarane i Norddal eit innspel på kva vi meinte var dei mest aktuelle alternativa for ei eventuell kommunesamaslåing. Resultatet vart eit klart råd om at Stranda burde vere eit alternativ.

På trass av dette vart samanslåing med Stranda kommune ikkje ein gong oppgjeve som eit alternativ då Norddal kommune laga si innbyggjarundersøking! Sårande, synest eg, men fyrst og fremst ei avvising av eigne innbyggjarar si vurderingsevne.

Den same tonen vert no nytta overfor liabygdarane: Dei er hjarteleg velkomne til nye Fjord kommune, men deira innspel om at heile Stranda bør inn i Fjord kommune, nei, det er norddalspolitikarane totalt avvisande til.

Toppen av frekkheit kjem når dei same politikarane no gjev uttrykk for at heile samanslåingsprosjektet med Fjord kommune kan ryke dersom grensejusteringa blir eit faktum. I dette ligg det ei klar «bøn» om at bygdene Norddal og Eidsdal no ikkje må  øydeleggje for Fjord kommune!

Det er absolutt grunn til å minne om at vi har spela med opne kort heile vegen. Vi har ynskt ein god prosess med kommunen, men har i staden blitt møtt med avvising. Det har skine tydeleg gjennom at norddalspolitikarane ikkje har tatt saka vår seriøst, og at dei har trudd vi kom til å bli avvist hjå departementet.

Omfanget av fleirtalet

Også omfanget av undersøkingane våre og oppsluttinga vert snakka ned, og det av «våre eigne». Det er utruleg trist når personar som knapt har delteke på bygdemøta våre og har vist lita interesse for det arbeidet som har vore gjort, uttalar seg slik.

Her vil vi berre minne om resultata av den siste folkerøystinga i vår regi, og denne gongen kan vi nytte tala som er relevante for situasjonen no:

Heile 70 prosent av dei som røsta meinte vi skulle søke om grensejustering dersom Norddal slo seg saman med Stordal, og Stranda vart ståande åleine. 13 prosent sa nei, og 17 prosent svara «veit ikkje». 225 personar deltok i undersøkinga. Av desse var 18 under 18 år. Til samanlikning hadde 388 personar røysterett i dei to bygdene ved kommunevalet 2015. 207 personar over 18 år svarar dermed til 53 prosent av dei som hadde røysterett i 2015.

Vi skulle sjølvsagt ynskje at endå fleire røysta. Men i motsetnad til kommunen, har ikkje vi tilgang til folkeregisteret. Dette gjer det meir krevjande å nå fram til alle. Men vi sit på lister over kven som røysta. Vi veit at svært mange (nesten alle) av dei som reelt bur i Norddal og Eidsdal røysta. Betyr ikkje dette noko?

Eg synest i alle fall at det ikkje er grunn til å snakke ned deltakinga og det klare resultatet!

Prosessen vidare

Vi har vore i kontakt med Fylkesmannen og fått beskjed om at vi denne veka vil få brev frå dei med orientering om prosessen vidare. Fylkesmannen vil gjere sine eigne undersøkingar, men som søkjarar om grensejustering vert vi part i saka saman med dei tre kommunane Norddal, Stranda og Stordal.

Frå vår side kjem vi i alle fall til å gjere vårt beste for at innbyggjarane sine meiningar skal komme fram, og at folk får best mogleg informasjon. Når den tid kjem, vonar vi at alle som er folkeregistrerte i bygdene Eidsdal og Norddal vil engasjere seg og røyste. Vi ynskjer de skal røyste på det alternativet de trur er best for bygdene våre i framtida. Det bør vere ei røyst basert på dykkar eigne vurderingar, ikkje ei røyst med grunnlag i lojalitet mot vårt arbeid i grensejusteringssøknaden, eller dårleg samvit overfor Fjord kommune!

Kvar og ein av oss bør engasjere oss for bygdene våre og kva den einskilde meiner er best for Eidsdal og Norddal i framtida. Snakk med kvarandre, lytt til informasjon, men tenk sjølv og stå for det DU meiner.

Til slutt til norddalspolitikarane: Eg skulle ynskje de kunne vise oss så pass respekt at de tok meiningane våre og arbeidet vårt på alvor, også når det ikkje er heilt i samsvar med det de sjølve meiner. Same kva kommune vi hamnar i i framtida, vonar eg det vert ein kommune som har takhøgde nok til ulike meiningar, med evne til å gje og ta, og som reelt arbeider for vekst og utvikling i alle bygder.

Merete Løvoll Rønneberg
leiar lokal arbeidsgruppe for søknad om grensejustering