Aktivitetsparken utvidar

Erlend Hjelme og Gro Marita Valdal hos Valldal klatrepark ser fram til at endå fleire tilbod vert tilgjengelege for dei som besøker parken.

Etter at Valldal Aktivitetspark opna portane for tre år sidan, har mange nytta tilbodet. Utbygging av to nye løyper gjer at no kan endå fleire nytte parken.

I helger og høgsesong har kapasiteten ikkje vore stor til å ta imot alle som ville kome. Etter utvidinga vil dei kunne auke kapasiteten og samstundes tilby noko nytt til dei som har vore der tidlegare.

Aukar kapasiteten

To nye klatreløyper er under bygging, og håpet er at dei kan takast i bruk i haustferien. Då er parken open kvar dag.

– Løypene vert ferdig bygde, men det er godkjenninga som kan ta litt meir tid, seier Erlend Hjelme, dagleg leiar for parken.

Reglane krev nemleg at alle løyper skal godkjennast av Statens jernbanetilsyn før dei kan takast i bruk. Jernbanetilsynet er dei som gjev driftsløyve til alle innretningar i fornøyelsesparkar i Noreg, fortel Hjelme.

Når utbygginga er fullført skal der iallefall vere tilbod nok. Parken starta for tre år sidan med åtti klatreselar og seks hundre meter med klatreløyper. No har dei 160 klatreselar til utlån og den totale løypelengda er på over 1400 meter fordelt på sju løyper i alle vanskegradar.

For alle aldrar

– Den eine løypa som vert bygd er ei kombinert opplærings- og barneløype, fortel Gro Marita Valdal, medeigar i klatreparken.

Denne løypa er tilpassa born frå to år og oppover, der foreldra kan følgje borna frå bakken.

Den andre nye løypa er laga for personar heilt ned i 110 cm, og Valdal og Hjelme beskriv henne som ei familieløype med grei vanskegrad.

– Det har vore ei lita utfordring for ein del foreldre at dei yngste borna ikkje kan delta i aktivitetar når familien besøker parken, men no går altså det også an, seier Valdal.

Dagleg leiar og medeigar for parken seier at dei har hatt ein veldig bra sesong hittil i år, og besøkstala er høgre enn på same tid i fjor.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no