Aktørar for folket

Lars Terje Myklebust understrekar viktigheita i å vere godt førebudd med jamlege kurs og øvingar. (Bilete utlånt av Lars Terje Myklebust.)

Røde Kors sine hjelpekorps rundt om i landet stiller på, også i påska. Men Røde Kors er meir enn berre påskebereiskap.

I høve Røde Kors Førstehjelps-dagen 8. mai i år, er Røde Kors sin kampanjefokus personleg førstehjelp der dei ynskjer å formidle kunnskap ut til folket om korleis ein kan ivareta seg sjølv om ein vert råka av ulukker på skiturar, i trafikken, i heimen og andre stader.

Klare til aksjon

Lars Terje Myklebust, korpsleiar i Stranda Røde Kors Hjelpekorps, har vore med i mange år. Han er busett på Stranda, men kjem opphavleg frå Valldal og byrja i Valldal Røde Kors Hjelpekorps som 15-åring. Når vi treff Myklebust på Røde Kors-huset på Stranda, står garasjeportane opne og klargjering av bereiskapsbilane er i gang.

Bereiskapsbilar med mellom anna båre, lysutstyr i tilfelle nattemørke og dårleg ver, bereiskapshengar, snøscooter og ATV er blant utstyret korpset har å hjelpe seg med. Myklebust syner oss eit bilete av eit romsleg redningsstelt som vert brukt ute på aksjonar, der leiinga i korpset oppheld seg og som vert nytta som skadetelt ved ulukker. I tillegg har korpset ein båt som dei disponerar ilag med brannvesenet.

Samarbeid

– Eg var medlem i Valldal Røde Kors fram til eg flytte til Stranda i 1985. Etter det har eg halde fram i hjelpekorpset her, fortel Myklebust.
Han fortel vidare at Stranda Røde Kors Hjelpekorps samarbeider med Eidsdal-Norddal Hjelpekorps. Det har vore aksjonar i mellom anna Liabygda, Stordal, Tafjord og Geiranger.

– Vi har vorte utkalla til hendingar inne i fjordane mange gongar, seier han.

– Om det er ei hending i til dømes Geiranger, alarmerar vi til hjelpekorpset i Eidsdal, og bidreg i aksjonen dersom det trengs. Vi har og felles møter med hjelpekorpset i Eidsdal-Norddal, seier han.

Mannskapet på laglista til Stranda Røde Kors tel i dag tredve personar. Alderen på medlemmane er frå tjue og opp til nokre og seksti år. Myklebust seier at det har auka på med kvinnelege medlem etter kvart, noko som mellom anna er positivt for miljøet i korpset.

Kurs og øvingar

– Korpset held ein del kurs sjølve, både internt og ut til befolkninga og deltek på nasjonale kurs innimellom, seier han.

– I fjor haust var det lagleiarkurs på distriktsnivå, der fleire hjelpekorps frå fylket var samla. Dette kurset vara frå torsdag til søndag, og var veldig omfattande, seier han. Omfanget på denne typen kurs er større enn dei andre kursa dei brukar å halde elles i året, men at det heilt klart er viktig for opplæringa og forståinga sin del.

– Vi held temakveld annakvar veke der vi trenar ute i felten. Vi trenar mellom anna på søk etter personar, redning og henting. Førebuingar til treningane foregår innandørs, og det er viktig å vere førebudd på både dårleg ver, nattemørkre og andre utfordringar. Å vere aktiv i hjelpekorpset kan gi mange sterke inntrykk. Aksjonar i nattemørkret, dårleg ver og høgt oppe i fjellet kan vere fysisk og psykisk sers krevjande. Det krev sin mann, og gode kurs og førebuingar er med på at ein taklar det betre, seier Myklebust.

Det vert halde årlege kurs for tilsette ved Union Hotel Geiranger. Det har og vore halde kurs på Fjordsenteret der inne, og for skyssbåten som går på fjorden i sommarsesongane, «Geirangerfjord». I Stordal og Liabygda har det vore halde førstehjelpskurs ved ulike høve.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no