Allsong i romjula

 Anni, Vilde, Peter, Signe og Johanna Marie opna Syng med oss-kvelden med ”Vi tenner våre lykter”.

Syng med oss-gjengen og Eidsdal-Norddal Røde Kors inviterte til ein musikalsk ettermiddag på ”huset” i Eidsdal i romjula.

Mange hadde funne vegen til Røde Kors-huset denne romjulsettermiddagen og det vart ein særs triveleg ettermiddag for både store og små.

Det var lagt opp til mykje allsong, og det var julesongar av ymse slag som stod på programmet – stødig akkompagnert av Gunnar Inge Eide på piano og Karl Martin Rønneberg på bass.

Innimellom allsongen var det også solistinnslag, og alle som ein var dei flinke. Men Storfjordnytt sin utsending vart ekstra sjarmert av vesle Era som heilt åleine song om denne karen med sekk og lue på som liknar litt på nissen i grunn, men som ikkje er nissen men Jon Blund. Med godt tonefølgje frå Gunnar Inge, song ho klokkereint. Imponerande!

Av det særs sjarmerande slaget var også duetten til Matilde Tafjord Rødhammer og Ådne Hanset i ”Baby It’s Cold Outside”. Dei to hadde også innslag åleine, og dei begge har flotte songstemmer.

Mange i Syng med oss-gruppa hadde soloinnslag, mellom dei var Vietske Middelweld som let oss få høyre korleis ”Ei rose er utsprunge” høyrest ut på nederlandsk og Torill Karin Lund Kleiva med si tolking av Trygve Hoff sin ”Et lys imot mørketida”. Solveig Eide Grønningsæter trakterte fela med far Øivind Eide som akkompagnatør på piano.

Laila Olsen var den som batt programmet saman og nytta høvet til å oppmode folk om å melde seg inn i Røde Kors.

– Ein treng ikkje vere så veldig aktiv om ein ikkje vil, men støttemedlemmane er utruleg viktige dei og, var beskjeden frå programleiaren.

Mot slutten av programmet var det trekking av både loddbøker og lynlodd, og Gjertrud Melchior takka for at så mange hadde funne vegen til Røde Kors-huset, sjølv om det var jul.

– Det er alltid kjekt når det kjem så mange når ein lagar til noko, slo ho fast før alle røyste seg og song ”Deilig er jorden” før dei gjekk heim etter ei god stund med musikalsk påfyll.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no