Arbeidet med å opne vegen er i gang

Illustrasjonsfoto frå brøyting av veg i vår.

På over 1000 meters høgde jobbar snøfresarar seg gjennom fire meter djup snø innover fjellet. Arbeidet med å frese opp fv. 63 mellom Geiranger og Langvatn er i full gang.

Det er meir snø i fjellet over Geiranger enn det har vore på mange år. Til samanlikning var det berre om lag halvanna meter djup snø i fjor vår. Det kan gi sein opning av vegen.

 – Vi er avhengig av høgare temperaturar og at snøskredet frå Stavbrekkfonna går slik at vi kan jobbe trygt den siste biten mot Langvatn før vi kan seie med større sikkerheit når vegen kan opne, seier byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen i ei pressemelding.

 To snøfresarar og ei gravemaskin frå entreprenøren Veidekke jobbar seg mellom 300 og 1500 meter innover fjellet kvar dag. Framdrifta er avhengig av kor hard og djup snøen er. GPS må til for å finne igjen vegen under snøen. Det er snøskredfare fleire plassar på strekninga. Dei som jobbar med opninga har lang erfaring både med fjellet og tryggleiksvurderingar.

 – Tryggleiken til dei som jobbar på fjellet er det aller viktigaste. Vi synes også det er kjekt dei åra vegen kan opne tidleg, men folk skal være trygge på jobb. Når skredfaren er under kontroll, vêret speler på lag, vi er ferdig med snøryddinga og føreforholda er gode nok for trafikantane, kan vi opne vegen, fortel Kåre Berge.