ÅRIM informerer

ÅRIM har som må å ta over tømminga av desse sjølv.

Her kjem ei statusoppdatering om ÅRIM og konkurssituasjonen med Reno Norden.  Som kjent, gjekk Reno Norden konkurs denne veka. Selskapet har hatt ansvar for å hente avfall i alle dei tolv kommunane som eig ÅRIM. ÅRIM har vore i forhandling med konkursbuet sidan tysdag denne veka.  Vi er framleis i forhandlingar, og har foreløpig ikkje noko konkret informasjon om status enda.  Så langt har renovasjonen gått som normalt og har vore utført på samme måte som før. Vi er likevel førebudde på at vi kan møte nokre driftsutfordringar i ein kort overgangsfase.

Slik handterer ÅRIM konkursen

I går hadde ÅRIM møte med styret og representantskapet i selskapet. Representantskapet gav styret fullmakt til å handtere konkurssituasjonen og å inngå nødvendige avtalar for å samle inn avfallet. Dei viste tillit til at styre og administrasjon vil løyse utfordringane på best mogleg måte, og ba samtidig om å bli godt informerte undervegs. Representantskapet var tydelege på at både omdøme og økonomi var viktig i forhandlingsprosessen. Dei var opptekne av å unngå driftsutfordringar og ville sikre at tenestetilbodet skulle gå mest mogleg som normalt.

Plan framover

No er vi i ein fase der buet har ansvar for kontrakt, personell og bilar. ÅRIM har planlagt å drive tenesta vidare i eigenregi. Det vil seie at ansvaret som Reno Norden før har hatt skal over til ÅRIM, og renovatørane kjem til å arbeide for  ÅRIM. Vi vil informere meir konkret om kva dette betyr i praksis når forhandlingane med buet er landa. Kort fortalt arbeider vi for at folk skal oppleve at tenestetilbodet går som normalt, og å kome best mogleg økonomisk ut av konkurssituasjonen. Vi er også førebudde på at det kan bli forseinkingar akkurat i ein overgangsfase.

Informasjon til innbyggjarane

ÅRIM informerer i hovudsak via eigne nettsider og media. Vi sender også fellesmailar til kommunane og sentrale kontaktpersonar dersom det oppstår endringar som får konsekvensar for innbyggjarane.  I slike tilfelle ønskjer vi også å be om at kommunane vidareformidlar beskjed via sine websider og facebooksider. Fleire kommunar har også sagt at vi kan bruke deira SMS-varsling, dersom det skulle bli behov for det.

Kort om ny kjeldesorteringsløysing

Vi vil også gi eit lite forvarsel om at den første informasjonen om det nye tenestetilbodet ligg i postkassene til innbyggjarane neste veke. ÅRIM startar utrulling av ny kjeldesorteringsløysing i november. Giske er første kommune ut, deretter rullar vi ut kommune for kommune over ein lengre periode.  Meir informasjon om dette ligg på arim.no.

Vi er tilgjengelege. Ta gjerne kontakt med oss dersom de har spørsmål eller tilbakemeldingar.

Ingeborg Ukkelberg
kommunikasjonssjef ÅRIM