Autopassregulativet vert innført neste sommar

Frå og med i dag, søndag, skal billettering skje ved lesing av skilt. Arkivfoto.

Fylkestinget vedtok tysdag denne veka å innføre autopass-regulativet frå og med 1. juli neste år, men den tredje takstsona opp, slepp ferjebrukarane førebels. Likevel blir det frå 1. juli ei auke for ein heilt vanleg pendlar på 920 kroner i månaden.

Dag to av fylkestinget, eller «juletinget», som det også vert kalla starta med autopass-saka. Det vart tidleg klart at det ikkje var stemning i fylkestinget for å gå for innstillinga frå fylkesrådmannen.

KORT SAGT

På indre er både sambandet Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda i takstsone 3 per i dag. Frå og med nyttår er sambanda i takstsone 5.

Fullpris i takstsone 3 er per i dag 84 kroner (42 med rabatt) per tur.

Fullpris i takstsone 5 er per i dag 101 kroner (50,50 med rabatt) per tur.

Fullpris i takstsone 5 med autopassregulativet er 132 kroner (66 med rabatt) per tur.

Rekneeksempel:

For ein vanleg arbeidstakar er eit gjennomsnittleg arbeidsår 230 arbeidsdagar.

I dag betalar ein gjennomsnittleg pendlar på sambandet Eidsdal-Linge: 230 dagar x (42×2) = 19.320 kroner (inklusive rabatt).

Frå og med nyttår – i takstsone 5 blir same reknestykket: 230 dagar x (50,50×2) = 23.230 kroner (inklusive rabatt).

Når autopassregulativet vert innført 1. juli, blir reknestykket: 230 dagar x (66×2) = 30.360 kroner (inklusive rabatt).

Det betyr at ein gjennomsnittleg pendlar med bil inntil seks meter får ei auke på 30.360-19.320 = 11.040 kroner i året, noko som utgjer 920 kroner i ekstra ferjeutgifter kvar månad heile året.

Fellesframlegg

Fleirtalskonstellasjonen hadde kome fram til eit fellesframlegg som Kristin Sørheim (Sp) la fram.

Ho synest det gledelege med autopassordninga er at passasjerar reiser gratis.

– Og så har vi prøvd å minimere skadeverknadene dette vil få for pendlarar og næringsdrivande – og så håper vi på meir pengar frå staten, sa ho og la til at ho var glad for engasjementet og aksjonane som har vore i samband med denne saka.

– Eg skjønar at dette ikkje er ei innmari stor gladmelding, innleia ho då ho presenterte fellesframlegget, men trekte fram forbetringane fellesframlegget betyr. Mellom anna at rabatten for bedriftene vert auka frå 40 til 45 prosent og at ein held seg til dei to takstsonene opp som er vedteke tidlegare og ikkje aukar med endå ei takstsone. Fellesframlegget inneheld også noko om forskotsbetalinga, å setje minimumsgrensa til 1.500 kroner. Dette har ifølgje Sørheim samferdselsministeren lova å sjå på.

Yvonne Wold (SV) meinte at ein får jobbe for å få meir frå staten til ferjedrifta, men at det er ein openberr fordel at passasjerar reiser gratis med ferjene.

– Greinalaust

Frank Sve (Frp) kalte det heile greinalaust og viste til junimøtet då det vart vedteke å ikkje innføre autopassregulativet og lurte på kva som har endra seg sidan den gongen.

– Alle andre går inn for autopassordninga, det er det som har endra seg, svara Torgeir Dahl (H).

Fleire av dei som gjekk på talarstolen under debatten meinte at fellesframlegget som no ligg på bordet er ei klar betring samanlikna med det opphavlege framlegget frå fylkesrådmannen, men det var også dei som var kritiske.

– Vi vil tape mykje pengar på at passasjerane reiser gratis. Dette anar vi ikkje konsekvensane av, og eg fryktar at vi ved neste nyttår må auke takstane igjen. Dette er ei usosial ordning for mange, meinte Bjarne Kvalsvik (Uvs) som også peikte på at det vil bli mange kreative løysingar blant folk der ute for å sørge for at dei reiser som gåande på ferjene.

– Dette er eit val mellom pest eller kolera. Uansett har fellesframlegget redusert ulempene vesentleg, det er veldig bra jobba, meinte Ingunn Oldervik Golmen (Sp), men også ho såg føre seg at det vil kunne bli trangt på parkeringsplassane ved ferjeleia i tida framover.

Frank Sve meinte at fylkestinget ikkje har sett seg inn i saka og trekte fram sambandet Eidsdal-Linge som døme med eit stort tal på passasjerar i sommarhalvåret – og peikte på inntektstapet det vil gje når alle dei går gratis.

– Det er ein katastrofe om dette blir innført og eg vil støtte Frank Sve, slo Elisabeth Jørgenvåg (Nml) fast og la til at ho synest mange i fylkestinget bagatelliserer saka.

– Det viser at de ikkje har budd ute i distrikta, eg trur ikkje de skjønar problemet. Framlegget er ikkje godt nok og går ut over dei med dårleg råd frå før, og dei er det ganske mange av, sa ho.

– Eg trur ingen her ikkje skjønar kva dette betyr. Men ein skal ikkje overdramatisere heller, svara Kristin Sørheim.

Frank Sve lurte også på kven som betalar inntektstapet når folk set att bilane sine på ferjekaia og reiser gratis over.

– Vi veit ikkje utslaga av dette. Men det kan hende ein god del avgangar må kuttast for å spare kostnader, svara Venås.

Røysting

Dermed gjekk fylkestinget til røysting. Det vart først røysta over innstillinga, den vart forkasta.

Så vart det røysta over framlegget til Frank Sve. Dette fekk tolv røyster og fall.

Fellesframlegget fekk 34 røyster – og vart med det vedteke.

Vedtaket

Det som vart vedteke i fylkestinget var altså at autopassregulativet på fylkesvegferjene blir implementert med verknad frå 1. juli 2020. Då er det autopass-takstregulativet slik det er utforma av Vegdirektoratet som skal gjelde, med det takstnivået som gjeld ved tidspunkt for innføring.

Fylkestinget vedtok å innføre 45 prosent rabatt for firmaavtale i staden for 40 prosent rabatt.

Det vart også bestemt at fylkestinget opprettheld den allereie vedtekne soneplasseringa for fylkesvegsambanda. Det vil altså seie at for sambanda her på Indre vil ein frå og med nyttår hoppe opp to sonar, frå takstsone tre til takstsone fem.

Fylkestinget ber også om at minimumsutbetalinga for å utløyse rabatt blir på 1.500 kroner i staden for 3.500 kroner som det er i dag, i tillegg ber ein om betra tekniske løysingar og at etterskottsbetaling knytt opp mot kredittkort vert vurdert som alternativ til autopassløysing med forskottsbetaling.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no