Stengt bibliotek, avlyst kommunestyremøte og andre avlyste arrangement

Fjord kommune har sett krisestab og ber innbyggjarane om å halde seg oppdaterte på utviklinga.

Som følgje av koronaviruset, er det sett krisestab i Fjord kommune, og føremålet er å gje tryggleik og hindre unødig uro blant folk. Men det er førebels ikkje påvist smitte i Fjord.

Kommuneleiinga ber alle innbyggarar i Fjord kommune om å halde seg fortløpande oppdaterte om utviklinga, og siste nytt om koronaviruset vil vere å finne på heimesida til kommunen, www.fjord.kommune.no. Storfjordnytt vil også halde dykk oppdaterte her http://www.storfjordnytt.no/viktig-at-alle-tek-ansvar-og-bidrar-til-a-hindre-smitte/.

Avlyst kommunestyremøte

Ei rekkje arrangement er også avlyst. Først ut er kommunestyret i ettermiddag, torsdag 12. mars. Det vart avlyst etter at kriseleiinga i Fjord kommune i løpet av onsdagen hadde to skypemøte med Fylkesmannen og kriseleiinga i dei andre kommunane i fylket. Formannskapet vil vert innkalla i «nær framtid», står det å lese i informasjonen som er sendt ut.

Stengte kommunale aktivitetar

Biblioteka er stengde på grunn av koronaviruset. I meldinga frå biblioteksjefen heiter det at at om folk ønskjer å låne bøker i Valldal, kan dei kontakte biblioteket og «bestille» bøkene dei vil ha og så vil lånekundane kunne hente eit boknett på servicetorget. I Stordal kan du også få lånt bøker på alternativt vis ved å kontakte biblioteket på telefon 41867833 – det er folk på arbeid som kan setje ut boknett. Det vert gjort merksam på at boknett må hentast i ordinær opningstid.

Elles er alt av kommunale bygg stengde for organisert aktivitet etter skuletid.

Undervisining i kulturskulen vert stoppa.

Frivilligsentralane vert stengde for aktivitetar, det same med ungdomsklubbane og alle treningssenter inkludert Stordalshallen.

Andre avlyste arrangement

Brukarane av Fjordtrim i Valldal fekk allereie for ei vekes tid sidan melding om at treningssenteret vert stengt ut mars månad – som eit førebyggjande tiltak mot koronasmitte for Muritunet sine pasientar.

Styret i Stordal IL Fotball melder på Facebook at dei har valt å avlyse all organisert aktivitet omgående. Det vil seie treningar, kampar og møte. Styret seier at møte heller kan skje digitalt eller på telefon. Varigheita av tiltaket vert vurdert fortløpande. Styret presiserer at dette er eit lokalt vedtak i klubben og ikkje basert på føringar frå eksternt hald og at det vert forventa at medlemmane respekterer styret si avgjerd.

Eidsdal IL avlyser alle sine treningar inne og ute frå og med i dag, torsdag 12. mars. Leiar av idrottslaget seier at det blir gjort ei løpande vurdering med tanke på konkurransar framover. Men gladmeldinga er at for dei som ønskjer å nyte naturen og vinteren og trene for seg sjølve, så blir løypende køyrde som normalt.

Norddal IL innstiller alle sine treningar og stenger trimrommet i Norddal frå og med i dag og inntil vidare – og folk vert oppmoda om å trimme ute i staden.

Vårkonserten til Eidsdal Musikkorps søndag 15. mars er avlyst.

Årsfesten til kyrkjelyden i Geiranger søndag 15. mars er avlyst.

Årsmøte for Stordal Sogelag som var sett til måndag 16. mars vert avlyst og utsett til seinare. Ny dato for årsmøte vert bestemt seinare.

Fjordafesten som Fjørå og Valldal pensjonistlag hadde planar om å arrangere torsdag 19. mars på Martin Linge-huset der alle eldre i Fjord kommune var inviterte, er avlyst. 

Kabaryen til Eidsdal skule på Dalsbygda grendahus laurdag 28. mars er avlyst.

Strikkekafeen på Røde Kors-huset i Eidsdal, vert avlyst framover, også planlagt aktivitet på omsorgsbustaden i Eidsdal om Røde Kors skulle starte opp, vert utsett.

Aprilmøta til alle dei tre pensjonistlaga i Fjord kommune er avlyste.

Danseøvingane for seniordans er avlyst inntil vidare.

Ingen aktivitet i Norddal Husflidslag. Butikken er stengt.

Fjellro turisthotell avlyser alle arrangement t.o.m påska.

Også fleire arrangement i tida framover kan stå i fare for å bli avlyst.