Både Trollstigen og Geiranger-Langvatn opnar for trafikk etter vinteren torsdag morgon

Trollstigen opnar i morgon tidleg. Arkivfoto.

Begge fjellovergangane på fylkesveg 63 opnar i morgon, torsdag.

  • Fv. 63 Trollstigen opnar klokka 0800 etter å ha vore stengd for vinteren sidan 7. desember 2018.
  • Fv. 63 Geiranger-Langvatn opnar klokka 0900 etter å ha vore stengd for vinteren sidan 20. desember 2018.

– Det er framleis tidleg i sesongen og det er framleis ganske mykje snø i fjellet. Vegane kan bli stengde på kort varsel om dei ikkje kan køyrast på sommardekk eller at vi får aukande skredfare. Vi oppfordrar derfor dei som planlegg å køyre desse vegane om å sjekke trafikkmeldingane, seier seksjonsleder Torgeir Bye i Statens vegvesen.