Bake kake søte

Hillevi sprøytar melis på kransekakeringar medan mor Gerd førebur ny deig.

På kjøkkenet hos Sylteormen bakeri luktar det jul, og kransekakene står på rekkjer på benken.

Hillevi Hovden, dagleg leiar, seier at det har vore travle veker etter at dei byrja med julebaksten.

– Vi har baka mange gongar det som vi baka i fjor, seier ho.

– Utfordringa i år vert å ha nok for sal, men vi står på, smiler ho.

Det er mange som nyttar høvet til å kjøpe julekakene, julebrødet eller kransekakedeigen ferdig hos bakeriet.

– Enkelte klarar ikkje å bake sjølve, andre har ikkje tid. For oss er dette kjekt å hjelpe til med, seier Hillevi og legg til at dei bakar gjerne etter spesifikke ynskje, om det er aktuelt.

– Kvifor ikkje, eg står no her allereie og bakar, smiler ho.

TILPASSING

Tirsdagar og torsdagar vert det ikkje baka brød, i kampen mot matsvinn sel dei desse dagane brød frå dagen før. Dette er positivt økonomisk sett.

For allergikarar tilbyr bakeriet melkefrie brød og bollar, men fullstendig glutenfri mat kan dei ikkje reklamere for.

– Så lenge det fins glutenstøv i lufta til bakelokalet så vert ikkje det mogleg, forklarar Hillevi.

juleopent

Ho fortel at sjølv om sommaren er toppsesong for verksemda, og vinteren er noko rolegare har det vore bra omsetnad med tanke på årstida.

– Frå november har eg hatt ein investor, det vil mellom anna vere med på å halde drifta ved like i lavsesongar, seier Hillevi.

I romjula vert det ope bakeri, i motsetnad til i fjor, og dermed mogleg å samlast rundt borda der eller kjøpe med god bakst heim.

Mathilde Vinje
mathilde@stordfjordnytt.no