Ber om rassikring av fylkesvegar

Førre veke gjekk det to ras i Norddal kommune. Torsdag rasa det ved Lingetunnelen, noko som førte til at vegen var stengd til langt utpå føremiddagen. Fredag rasa det på vegen mellom Fjørå og Tafjord, og store steinblokker blokkerte delar av vegen.

Etter at vegar i Norddal kommune to dagar på rad før helga vart råka av steinsprang og ras, ber no ordførar Arne Sandnes om at Møre og Romsdal fylkeskommune snarast råd set i verk strakstiltak for å sikre fylkesvegane i kommunen. 

Det kjem fram i eit brev som er sendt fylkeskommunen, til Statens vegvesen og andre.

Sist torsdag morgon var vegen mellom ferjekaia og Lingetunnelen på fylkesveg 650 stengd i fleire timar på grunn av eit steinsprang. Ordføraren peikar på at strekninga er svært trafikkert, sommar som vinter. I tillegg gjer vegen ein sving ved tunnelopninga slik at det er lett å køyre seg inn i eit ras. Som strakstiltak ønskjer han at fylkeskommunen vurderer slikt som fanggjerde og på lengre sikt ser han for seg rasoverbygg. Vegen vart opna utpå føremiddagen førre torsdag etter at han var rydda.

Fjørå–Tafjord

Dagen etter rasa det på nytt, denne gongen på fylkesveg 92 mellom Fjørå og Tafjord. Ei stor steinblokk stengde halve vegen og det var bere flaks at ein som passerte i bil såvidt unngjekk å bli treft då det skjedde. Også her ber ordføraren om at fylkeskommunen vurderer relevante strakstiltak for å hindre ulykker og tap av menneskeliv.

Norddalsstranda

Også fylkesveg 91, Norddalsstranda, ber ordføraren fylkeskommunen om å sjå på, sjølv om strekninga er på fylket si liste over mindre skredsikringstiltak. Ordføraren seier det på denne strekninga er tunnel som er det optimale ettersom mange barn dagleg vert frakta på strekninga. Om det ikkje er midlar til å byggje tunnel no, ber han om at andre tiltak, som fanggjerde, vert prioriterte for gjennomføring i starten av planperioden 2018–2019.

Synfaring

Ordføraren inviterer både samferdsleutvalet i fylkeskommunen og Statens vegvesen til synfaring på dei tre strekningane og ber om at desse vert prioriterte når saker kjem til behandling i samferdsleutvalet, eller når strakstiltak som vert finansierte over drifta, vert diskuterte og planlagde.

Sandnes minner om at Norddal kommune gjennom tidene har vore sterkt råka av skred og fonner, med Tafjordulykka i 1934 som den mest kjende.

Stor turisttrafikk sommarstid, mykje på grunn av verdsarven og Nasjonal turistveg, vert trekt fram som ein god grunn til å arbeide for trygge vegar. Han viser også til verdsarvkonvensjonen og meiner det er relevant å krevje at kommunar som Norddal og Stranda vert særleg tilgodesett med rassikringsmidlar.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no