Ber stordalingane om hjelp

– Sjølvsagt var alle menn. Eg undrast på når kvinnene kom inn i laget, seier Anna Margrethe Drægebø Moe når ho blar gjennom dei første protokollane frå Stordal idrettslag. Charles Tøsse er nøgd med at det er ho som har teke på seg oppgåva med å samle lagshistoria mellom to permar

I 2018 fyller Stordal idrettslag 100 år, og i samband med jubileet er ei bok under arbeid.

Charles Tøsse er storleg nøgd med at Anna Margrethe Drægebø Moe har tatt på seg den store oppgåva med å samle 100 års historie mellom to permar.

Drægebø Moe hadde oppdraget med å skrive om idrettslaget til 90-årsdagen til laget. Den gongen vart det eit retteleg fint hefte med mykje tekst og endå fleire bilete. Denne gongen er planen at det skal bli ei ordentleg bok ut av det.

– Den gongen hadde eg ikkje tilgang til dei gamle protokollane, det har eg no etter ein større leiteaksjon som førte til at protokollane frå stiftingsmøtet og framgjennom åra vart attfunne, seier ho og «grugler» seg til å ta fatt på arbeidet.

Mannsdominert start

Ho blar i den aller første protokollen frå 1918 medan Storfjordnytt er på besøk. Der står det mellom anna å lese at det første året hadde laget 53 medlemmar.

– Og sjølvsagt var alle menn. Eg undrast på når kvinnene kom inn i laget, men det finn eg nok ut etter kvart som eg får arbeidd meg gjennom protokollane, seier ho.
Charles Tøsse er del av idrettslagsstyret og han fortel at ønsket om ei bok kom på eit styremøte i idrettslaget i vår.

– Det var naturleg for oss å spørje Anna Margrethe, ho har lang fartstid også frå idrettslaget. I tillegg er ho drivande god å skrive, seier han og legg til at håpet er at ho skal få hjelp i arbeidet. Det er der lokalavisa kjem inn i biletet.

Dei to etterlyser stoff til boka – bilete, gamle avisutklipp og anna.

– Og om det er nokon der ute som har ei god historie eller fleire som vi kan bruke, tar vi imot det også, seier Anna Margrethe, som seier ho kjem til å ta fatt på arbeidet for full i romjula.

– Det kan vere mange der ute som har noko som kan brukast som «krydder» i boka, seier ho.

Eit viktig lag

Charles Tøsse seier at idrettslaget har vore – og er – eit utruleg viktig lag i Stordal kommune. Det har også alltid vore eit lag med stor aktivitet, sjølv om det naturlegvis har gått i bølgjer det som det meste anna.

– Men det har utan tvil vore eit viktig lag heile tida og det har betydd mykje for trivselen i kommunen, seier Charles.
Han fortel at det i desse snart hundre åra laget har eksistert, har vore mange som har bidratt på så mange vis, anten det er som trenarar, utøvarar, med anlegg eller anna.

Det har vore stor breidde i aktiviteten – og utøvarane har hevda seg godt.

– Vi har hatt skiløparar i norgestoppen meir eller mindre heile tida i moderne tid, seier Charles.

– Milepåle

Noko anna styret arbeider med, er å skaffe finansiering til boka, for det kostar å få eit slikt prosjekt i hamn. Dessutan trur dei ei bok som den som er under planlegging, er viktig.

– Hundre år er ein milepåle, og det er viktig å samle så mykje som muleg av historia til laget mellom to permar, seier Charles.

Anna Margrethe er samd med han i det. Ho laga heftet til 90-årsfeiringa, men då hadde ho ikkje protokollar som var eldre enn frå 1976.

– Eg er overtydd om at det er mange her som har både heftet vi laga då, og anna liggande. Og så er det rart med det, om folk tar heftet frå og blar litt i det, er det utruleg kva minne som dukkar opp, seier Anna Margrehte som ber folk ta kontakt med utklipp av artiklar, bilete og gode historier.

Går breitt ut

– Vi vil gjerne gjere det så autentisk som muleg. Og ein ting til, når vi ber folk om slikt materiale, så er det snakk om å låne og kopiere, ikkje å skulle få, understrekar ho. Ho får støtte av Charles som seier at om bokprosjektet skal lukkast, er dei heilt avhengige av at folk kjem med innspel og tenkjer på om dei kanskje har noko av interesse.

– Og berre så det er sagt, alt er interessant – kom med det de har, og så blir det opp til oss å vurdere om det skal med i boka eller ikkje, seier Anna Margrethe.

– Vi gjer som politiet, går breitt ut, humrar Charles til slutt. Dei to ber folk som har noko å bidra med, om å ta kontakt snarast råd.

– Vi har berre eit år på oss til arbeidet, og det er viktig å kome i gang snarast råd, avsluttar dei to.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no