Billettering ved lesing av skiltnummer

Frå og med i dag, søndag, skal billettering skje ved lesing av skilt. Arkivfoto.

Fjord1 melder søndag ettermiddag at det på fylkesvegferjene, deriblant sambandet Eidsdal-Linge, ikkje lenger vil bli gjennomført manuell billettering. Endringa gjeld frå og med søndag 15. mars klokka 16, står det å lese i meldinga som tikka inn søndag 15. mars klokka 17.06, altså ein dryg time etter at endringa var sett i verk.

Billettering vil i staden bli gjennomført ved lesing av skiltnummer. Kundar som har AutoPASS ferjekort/brikke vil få vanleg rabatt, dei utan avtale er planlagt etterfakturerte. Passasjerar reiser gratis inntil vidare. Ordninga vil ifølgje Møre og Romsdal fylkeskommune vare fram til og med 22. mars.

Ordninga er eit ledd i å avgrense smitte, og før helga vart også ferjebrukarane oppmoda til å bli sitjande i bilane sine under overfarten. 

I tillegg melder Fjor1 i ei pressemelding at all servering i form av betente og sjølvbetente kioskar opphøyrer med umiddelbar verknad. Reisande vil difor ikkje kunne handle om bord i Fjord1 sine fartøy.
– Vi gjennomfører desse tiltaka i samarbeid med Statens Vegvesen og aktuelle fylkeskommunar med tanke på smittevern for våre tilsette og reisande, og håpar på forståing for det. Vi oppmodar dessutan alle våre reisande til å bli sittande i køyretøyet under overfarten. Om ein likevel forlet køyretøyet under overfarten, så legg vi til grunn at det kun er for nødvendige ærend eller beskjedar til mannskapet, seier driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no