Bilverkstad i eige bygg

Ove Korsnes og Riemo Eisma har sidan 2011 drive bilverkstad i Stordal. No eig dei bygget dei driv verkstad i og har utvikla og effektivisert drifta.

Ek Bil AS har sidan 2011 drive verkstad i Stordal. I fjor kjøpte Riemo Eisma og Ove Korsnes bygget dei leigde av Helland Eigedom og held fram som før.

Dei hadde mange idear og stort pågangsmot då dei starta i 2011.

– Entusiasme er heilt nødvendig når du skal starte eige firma og glade er vi for at vi ikkje visste alt vi måtte gjennom på førehand, seier dei to.

BilXtra

Dei eig halvparten av firmaet kvar og i fjor selde dei seg ut av BilXtra-verkstaden på Sjøholt som dei hadde 66 prosent eigardel i. BilXtra er kjeda dei tilhøyrer og som er leverandør av deler, varer og utstyr til dei. I dag er det viktig å tilhøyre ei kjede fordi det er så mange krav som skal oppfyllast.

Typiske oppdrag for dei er EU-kontrollar, reparasjonar av drift og motorsystem, clutch, diagnose og feilsøking. Dei kjøper òg bilar, set dei i stand og sel dei. Ikkje så mange, men det kan vere kjekt i rolege periodar. Det EK Bil AS ikkje driv med, er karosseriarbeid, det krev for mykje utstyr og plass.

– Om du er ein liten eller ein stor verkstad, må du ha det same utstyret. For å vere ein godkjend og verifisert verkstad må ein heil del utstyr og kontrollfunksjonar vere på plass, seier Riemo Eisma.

Effektiv drift

Dei merkar at det er mindre folk på fabrikkane i Stordal, det kan dei sjå på omsetninga. Firmaet har gått gjennom rutinane sine og fått til ei meir effektiv drift. No når bygget er deira, har dei òg betre kontroll på utgiftene sine.

Bygget i Stordal er praktisk og med gode lysforhold. I den store hallen er det god plass og tre løftebukkar nyttast flittig. Planane for eit kundemottak er klare og alt av materiell og utstyr er innkjøpt og ligg klart.

– Vi må ta omsyn til økonomien, men det skal ikkje gå for lang tid før kundemottaket og ein liten butikk med bilrelaterte varer skal vere på plass, seier Riemo Eisma.

Dekkhotell

Denne tida kan vere ei litt roleg tid, men dei har å halde på med. Dei to drivne bilmekanikarane veit det er viktig å få arbeidet unnagjort.

– Kundane vil ikkje vente for lenge på å få bilen reparert, då kan det hende dei går til andre, og det går ikkje, seier Riemo.

Dekkhotellet dei starta med for nokre år sidan får stadig fleire gjestar. Mange finn ut at det er praktisk at nokon byter frå vinter- til sommarhjul, vaskar dekka og lagrar dei, så dei slepp å gjere det sjølve.

Kompetanse

Data kjem du ikkje unna i desse dagar og i diagnose- og feilsøkingarbeidet er den uunnverleg. Ove Korsnes kjem gåande med ein laptop, etter å ha inspisert ein bil.

– Moderne bilar er kompliserte og dataprogram er heilt nødvendig å bruke, seier han.

Dei fleste kundane deira kjem frå Stordal, Liabygda og nokre frå Valldal. Elles har dei òg ein del kundar frå heile Møre og Romsdal som kjem med landrovarane sine. Riemo Eisma var tidlegare verksmeister på Ålesund Bil AS og hadde ansvaret for dei bilane. Han kan mykje om det merket og då Ålesund Bil slutta å forhandle dei, kjem nokre av dei kundane til EK Bil AS i Stordal

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no