Blått og rått hos flott jubilant

Thom Pod og Ian Dunlop produserer mellom anna alternativ blues, Rythm and Blues og country. Duoen hausta solid applaus.

Som tradisjonen tilseier inviterte Fjellro Turisthotell i Valldal til påskeblues også denne påska. Både musikknivået og besøkstala var av dei beste.

– Vi bestemte oss for at sidan Fjellro fyller hundre år i år, så ville vi dra til litt ekstra med kva for musikarar vi inviterte hit, sa Eli Linge Boatwright då ho innleia festivalen fredag kveld.

– Denne helga har vi nokre av dei beste internasjonale bluesartistane som er å finne her hos oss, la ho til.

Og for ei helg det vart. Dei to dagane musikkopplevingane strakk seg over denne gongen var det duoen «Down Home» med Thom Pod og Ian Dunlop frå USA og England, duoen «Dixie Dudes» med Frenk van Meeteren og Marius Bos frå Nederland og RAM og Hoodoo Hogs frå Noreg som underheldt frammøtte med god musikk. Mykje god jam var det og mellom konsertane.

For store og små

Veret var upåklageleg og sola varma til godt ut på kvelden. Det var mogleg å sitje ute ved borda og kose seg for dei som ville det, og mange hadde møtt fram i god tid for å møtast før artistane byrja å spele. Ein høyrde mellom borda at mange syns blueshelga på Fjellro er ei fin og viktig oppleving som samlar lokalbefolkning og dei som er komne heim i høve påskeferien. Begge dagane var det bluesmeny i kafeen på Fjellro og dermed mogleg å leske seg med både vått og tørt medan dyktige musikarar underheldt innan- og utandørs. Ikkje minst vart jammen, der kjende og mindre kjende musikarar kan boltre seg, ei oppleving denne gongen.

– No var det sjuande året at vi arrangerte denne festivalen, men i år toppa det seg både nivå- og stemningsmessig. Eg har nesten ikkje ord for kor bra det vart, seier Eli Linge Boatwright.

– Fredag var det smekkfullt av folk. Laurdag kom det noko mindre med besøk, men svært bra vart det då og, held ho fram.

– Born og vaksne kosa seg, hagen var full av folk når det var jam og det vart ei oppleving for alle, seier Eli svært nøgd og legg til at ein av dei mange det er viktig å takke er Håkon Myklebust som sørgde for at god lyd vart ein del av arrangementet heile helga.

Internasjonalt utval

RAM er omtala som å vere eit av dei kanskje beste bluesrockbanda i Noreg. Kvartetten frå Oslo og Kristiansund har vore på vegen i fjorten år, og har etter kvart opparbeidd seg ein stor tilhengjarskare.

Med eigne komposisjonar og tolkingar av artistar som mellom andre Rory Gallagher, Savoy Brown og Dr. Feelgood legg kvartetten vekt på groove og samspelt improvisasjon som ein sjeldan høyrer på denne sida av Atlanterhavet. I 2015 vart dei inviterte til Irland for å spele på den internasjonale Rory Gallagher tribute-festivalen i Ballyshannon, og hausta svært gode kritikkar i etterkant av det. Hoodoo Hogs er ei kraftfull samansetting av artistar med solid erfaring frå band som Bolga Bluesband og Last Train Home.

Kvartetten serverte Downhome Blues frå 1930- til 1960-talet gjennom blueshelga på Fjellro.

Songaren og gitaristen Frenk van Meeteren produserar og framfører blues, jazz og calypsosong. Van Meeteren har drive som musikar i over femti år, dette har gjort han til ein ekspert innan sine sjangrar. Dei fleste av songane kjem frå LP-platesamlinga hans. Musikaren kopierar aldri låtane direkte, men framfører dei i sin eigen stil og med sitt eige arrangement. For ikkje lenge sidan vart van Meeteren ein del av det velkjende Dutch Swing College Band, der som banjoist og gitarist.

Thom Pod og Ian Dunlop var dei to som opna blueshelga i andre etasje, akustiske låtar hadde fått stolrekkjene til å fyllast i god tid før dei første tonane fylde etasjen.

Noko av den musikalske erfaringa Pod kan vise til er då han spelte med «The Pretty Things» frå England på åttitalet. Han turnerte saman med no avdøde Lazy Lester, som er hevda å vere sonen til Robert Johnson.

Thom Pod skriv og spelar sin eigen bluesstil på saksofon, gitar og dobro. Dunlop er rootsmusikar, forfattar og kunstnar. På slutten av sekstitalet samarbeidde han med Gram Parson og «The Flying Burrito Brothers.» Desse er kjende for å vere det første bandet som kombinerte country og rythm and blues. Dunlop turnerer jamnleg på internasjonale rootsmusikkfestivalar, der spelar han si blanding av roots og blues.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no