Bli i køyretøyet!

Frå og med i dag, søndag, skal billettering skje ved lesing av skilt. Arkivfoto.

Det er oppmodinga Fjord1 no kjem med til dei som reiser med Fjord1 sine ferjer.

Ford1 ønskjer å avgrense smittefaren av koronavirus på ferjesambanda sine og ber passasjerane om å følgje Folkehelseinstituttet sine «Forebyggende råd på reise». Alle passasjerar som kjem med bil eller buss vert altså oppmoda om å bli verande i køyretøyet under overfarten og berre forlate køyretøyet om det er heilt nødvendig.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no