Basar i Liabygda

På veggane heng det gevinstar og på stolane lengs med sit folk med årar og fylgjer med. Frå venstre Einar Lied. Ida Mari Lied, Oline Sofie Lunde og Ingjerd Øyen.

Basar og ballbinge

Ungdomshuset i Liabygda har hjarterom, det er plass til alle og i kjellaren har dei kaffi og kaker og mat, kveldsmat.

galleri

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

I løpet av året er det tre basarar på ungdomshuseti Liabygda, farsdagshelga er det idrettslaget som arrangerer.

Stor aktivitet
Heile huset er fullt av aktivitet, born og vaksne kosar seg og brukar pengar. I gangen står som vanleg lykkehjulet og born står i kø for å prøve lykka og for å få fylle munnen med noko godt. I salen er gevinstar stabla høgt og lavt, og det er enno god tid å få skrevet seg i bøkene. I barneboka er det mange som vil ha ein plass og Yeneni Vellupillai set og skriv namn i boka og kan bekrefte at denne boka er litt spesiell med alle dei fine premiane for born. Frå scena trekkjast årar og borna spring rundt med gevinstar til dei heldige. Og dei er det mange av, det kan sjå ut som om alle er vinnarar ein slik kveld.

Frå tidleg til seint
Basaren starta klokka sju sist fredag og folk kjem og går. Borna vert raude i andletet av alt kavet, men moro er det. Ein basar på ungdomshuset i Liabygda er ein møtestad. Edda og Live Huse Remme er på vitjing med mormor og morfar. Dei bur i Spjelkavik og morfar fortel at dei to blide jentene sjølvsagt må på basaren i Liabygda, om så han må køyre dei uttatt tidleg neste morgon. Klokka er blitt ni og enda er det tidleg kveld på ungdomshuset. Nede i kjellaren er det kaffi og kaker i tillegg til påsmurte brødskiver. Så då er det vel berre å slå seg ned, spise kveldsmat og slå av ein prat.

– Du må smake sukkerbollane til ho Bø-Unni, er det nokon som seier. Eg somlar meg bort med skjerpa gane for å gjere ei vurdering, men nei, utselt.

– Du skulla ha kjøpt to første gongen, trøyster han bak disken meg, utan å vite at eg ikkje har fått smake i det heile. På basaren til ungdomslaget litt tidlegare denne hausten fekk ikkje ho Bø-Unni tid til å lage og då var det noko som mangla. Denne gongen hadde leiaren i idrettslaget vore på døra og sikra seg at det vart denne gongen.

Høg omsetning
Sjølv om dei innafor ei tidsramme på ein månad har arrangert to basarar i Liabygda har dei ei omsetning som gleder kassa til laga. Denne fredagskvelden fekk dei inn 52.000 kroner og på basaren før fekk dei inn om lag det same. Mange er i sving og givargleda er stor. På ungdomshuset i Liabygda er det god gammaldags basarstemning, tida står på ein måte stille sosialt, medan den kvart år indeksregulerast.

Previous post
Next post

Comments are closed.