Juvet Landskapshotell

Knut Slinning fylgjer godt med på byggearbeidet.

Nytt smykke på tunet

Då dei sette i gang med Juvet landkapshotell overraska og imponerte dei ei heil verd. Hotellrom ute i naturen, store vindusflater, enkle og sterke verkemiddel skulle fascinere gjestane. No er eit nytt bygg i ferd med å reise seg på Juvet, dei kallar det eit seremonirom.

galleri

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Gjestar frå heil verda kom, arkitekturinteresserte gjestar kom. Måten å tenkje på, løysingane og bygga vart snakka om i heile verda.

Og dei nominerte er
På grunn av det har Juvet lanskapshotell blitt nominert av ein norsk komite til Mies van der Rohe prisen, som er EU sin pris for samtidsarkitektur i Europa, to gongar for sin spesielle arkitektur. Først dei sju lanskpasromma og no dei to nye «fuglebura» av noko rom. Det i selskap med Statsbygg og den Norske opera, ikkje rart arkitekt og byggherre er stolte.

– Nasjonal turistveg og Juvet har hatt stor nytte av kvarande og Norddal kommune har vore ein viktig medspelar. I tillegg har den spesielle hytta i Fjørå òg vore med å setje Norddal kommune på kartet for spesiell arkitektur, seier Knut Slinning. Eit seremonirom eller allrom, møterom og utescene er no under bygging og skal vere med å lage heilskap på tunet på Alstad i Valldal.

– Vi er einige om at vi ikkje skal slutte å overraske og etter eit møte med arkitekt, der området og tunet vart diskutert, kom arkitekt Jan Olav Jensen i Jensen & Skodvin arkitektkontor med ei skisse av eit slikt bygg, seier Knut Slinning.

Han viser rundt i bygget onsdag i førre veke medan dei heiser på plass taket. Bygget er om lag 60 kvadratmeter og taket er flatt og av glas. Dei store glasflatene vert krana på plass og glaset er sett saman av, først ei «solbrille» på 12 mm, så glaset som er like tjukt og til slutt laminatet som skal hindre glaset å gå i tusen knas, tilsaman er glasplata seks centimeter tjukk.

Som eit skjorereir
Og som på dei tidlegare bygga nyttar byggherren lokale snikkarar frå Valldal Bygdeservice, det har fungert utmerkt til no. Sjølve lokalet er på bakkeplan og på ei høgd. Store glasdører vender mot elva og rommet har enkle løysingar på dei fasilitetane som skal til og betong er eit materiale som vert nytta. Resten av høgda er full av store limtrestavar på kryss og tvers som i eit skjorereir. Glaset på taket skal sleppe lyset gjennom og når alt er ferdig, skal verda igjen verte overraska og fascinert. Det er målet og ikkje utenkeleg etter dei tidlegare prestasjonane.

Previous post
Next post

Comments are closed.