Fjørå kai

Odd Langdal og Rolf Dale reknar med å bruke to veker for å få på plass trevirke på kaia i Fjørå

Biletgalleri i botnen av sida

Berre vi slepp austingen

Kaihuset i Fjørå er no ferdig restaurert og teke godt vare på. I desse dagar er det sjølve kaia som skal utbetrast.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

13. januar 2012 vart Fjørå kailags venner stifta og sidan den gong er mykje bra arbeid lagt ned for å ta vare på huset og kaia i Fjørå.

Kaianlegget
Dei fekk tilsegn om 300.000 kroner frå fylket si kulturavdeling og arkitekt Aarset har laga ein plan for korleis pengane skal nyttast. Dei engasjerte folka i venneforeininga har lagt ned ein stor eigeninnsats. Den gode furua i Fjørå skal nyttast som material når kaia skal få eit beskyttande lag med tre mot fjorden. Den er felt, transportert og skoren på Omenås sagbruk av ivrige dugnadshender. Valldal Bygdeservice har no starta arbeidet og var sist veke i full gang med å demontere det gamle treverket.
– Treverket sit godt og er ikkje lett å kløyve, seier Rolf Dale som må ta motorsaga i bruk. Dei brukte same gode materialen då dei la tredekke på utsida av kaia sist òg. Malmfuru kallar dei det og det er furu som veks seint og tett og har difor stor andel kjerneved. Den vert naturleg impregnert og held lenge, sjølv på vêrutsette stader.

Held fristen
Fjørå kailags venner har frist på seg ut 2015 til å avslutte arbeidet og Lars Selboskar seier det ikkje skal vere noko problem. Valldal Bygdeservice reknar med å bruke to veker på jobben og håper å bli ferdig med den før jul.
– Berre vi slepp austingen, så skal ikkje det bli noko problem, seier Rolf Dale. Han arbeider saman med Odd Langdal og Vadim Morohins. Når dei er ferdige med å rive det gamle, vert det litt flikking på betongen før dei set fast dei nye stavane. Dei borer hol og limer fast gjengestag som skal halde den nye ”huda” på plass. Den skal først og fremst verne kaia mot isen vinterstid og så vert det sjåande fint ut og praktisk når båtar legg til ved kaia i tillegg.

Finpussing
Når våren kjem skal Fjørå kailag sine venner ta finpussen og avslutte arbeidet på kaiområdet i Fjørå.
– Vi er glade for at vi tok fatt på arbeidet og no når vi nærmar oss målet, vert vi litt stolte alle mann, seier Lars Selboskar. I starten fekk han med seg Magne Almstad og Rolf Nerhus i styret og seinare er fleire komne til. Stiftinga Verdsarvfjord Geiranger fatta interesse og har vore med og utarbeidd søknaden om midlar til Møre og Romsdal Fylkeskommune som dei fekk positive tilbakemeldingar på.

 

 

Vil vere med inn i framtida

08_kaihus

Venneforeininga meiner kaihuset i Fjørå er ein del av heilheita i bygda og må takast vare på.

Kaihuset i Fjørå stod i fare for å bli rive. Men det var for gale, syntest nokre. 13. januar dette året stifta dei Fjørå kailags venner.

 

Alfred Nilsen
Torsdag 23. februar 2012

Då vegen kom til Fjørå i 1974 vart kaianlegget ikkje lenger brukt. Sidan den gongen har kaia og huset sakte forfalle.

Historisk viktig
13. mars 1909 vart Selboskarbydga kaiaktieselskap stifta og i møteprotokollane kan ein lese seg til at dette var eit viktig lag. Det var kaia som var kontakten med omverda, der frukt og andre landbruksvarer vart skipa ut. Dette var plassen fjorddampen kom til med det folk trengde. Interessa for kailaget var stor og i protokollane kan du lese korleis gåvene strøymde inn. Mange av dei som hadde reist ut, til mellom anna Amerika, sende små og store gåver til kailaget. Noko sende dei med brev, andre fekk dei av dei som for i mellom verda og den vesla bygda.
– Det er utruleg kjekt å lese i dei gamle protokollane, Det er rett gode formuleringar i tillegg til at språket er presist, så dette var noko dei tok på alvor den gongen, seier Lars Selboskarl.
Gustav Korsnes var ein som flittig skreiv i protokollane.
Det var handelsmannen Fjørå, Lars Nerhagen, som i tid tok initiativet til å starte laget. Det tok eit år frå ideen var der til kaia stod ferdig. Steinen til sjølve kaia fekk dei frå Oksneset.
– Der hadde fjellet fin gang, slik at det vart forholdsvis lett å lage stein til å mure med.

Styret
Det var i april i fjor at dei sette i gang arbeidet, og Lars Selboskar fekk med seg Magne Almstad og Rolf Nerhus i styret.
Seinare har om lag ti personar meldt seg inn i laget og fleire vil det bli, seier Lars og smiler.
Han vende seg til Norddal kommune på fleire nivå, hos kulturavdelinga og rådmannen, utan å få noko tilbakemelding eller interesse frå den kanten. Han enda opp med å ta personleg kontkant med Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv som straks fatta interesse. No har stiftinga vore hjelpsam med ein søknad til fylket om midlar.

Eigenkapital
Lars er pensjonist og kan like gjerne bruke noko av tida si på noko som er så interessant. Han har kontakta både bankar og forsikringsselskap i tillegg til stiftingar og nasjonale foreiningar der ein kan søkje om midlar, og fleire har vore positive, og i dag står det 130.000 kroner på kontoen. Sist veke var ein arkitekt frå fylket på vitjing for å orientere seg. Søknaden om midlar til fylket reknar dei med å få svar på dei næraste månadene.

Det som trengs
Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv går inn med kapital som dekkjer administrasjon og planlegging. Det som må gjerast i første omgang er å setje i stand huset. Kaia skal dei ta fatt på seinare.
– Det som er viktig for oss no er å få på plass eigarforholdet. Eigararforholdet har ikkje vore skriftleg tidlegare, så no vil grunneigarane Petter Vikene og Kåre Nerhagen gi grunnen til kailaget kostnadsfritt. No er det opp til Norddal kommune å få gjort nødvendige oppmålingar slik at vi kan få på plass den biten.
– Det viktige med å få dette på plass, er fordi vi søkjer om midlar, og då må helst slike ting som eigarforhold vere klargjort. Kva som gjer at Norddal kommune drøyer med akkurat dette, veit Lars Selboskar ingenting om.

Innhald
På spørsmål om kva dei vil bruke huset til, seier Lars at i første omgang vil dei leige ut litt av det til lager slik at dei har inntekter til vedlikehald. Fjørå helselag har ein del historiske ting lagra der, så kan hende dei kan fylle litt av huset med den historia som er knytt til kaihuset og kaia. Det huset som står der i dag er slik det såg ut før bølgja tok det i 1934. Huset vart bygd opp att så raskt det var råd. No vil dei tilbakeføre huset til slik det såg ut den gongen. Det er ikkje så mykje som skal til for å få det til, men på kaia er det ein del som må setjast i stand.

Miljø å ta vare på

26_bim Synfaringhuset

Rolf Nerhus fortel Lars Selboskar, Peter Brennvik og Katrin Blomvik om historia til kaihuset og kva det vart nytta til.

I førre veke var folk frå Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv på synfaring i Fjørå og Tafjord for å vurdere bygningar i dei to bygdene.

Britt Ingunn Maurstad
Torsdag 30. juni 2011

Ein av grunnane til at Katrin Blomvik og Peter Brennvik frå Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv tok turen, var at kailaget i Fjørå hadde vendt seg til dei med førespurnad om det gamle kaihuset kunne vere interessant å ta vare på.

Utgiftspost
Rolf Nerhus kan fortelje at kailaget har for det meste ligge nede sidan 2003 – og før den tid igjen sidan 1994 – før dei altså hadde årsmøte i februar i år. Der vart det gjort vedtak om å sanere kaihuset. Vedtaket vart gjort fordi det ikkje er midlar i laget til å ta utgiftene med forsikring og vedlikehald og dermed er ein rein utgiftspost. Men Nerhus syntest det var for gale å rive utan å ha fått ei vurdering av om huset er noko å ta vare på og om det i så høve var mogleg å få midlar til å halde det ved like.

Ikkje mange slike att
Kaihuset slik det står i dag, er meir eller mindre originalt. Kailaget vart stifta i 1909, men det opphavlege kaihuset gjekk med i Tafjordulykka. Sjølve kaia heldt stand, og kaihuset var noko av det første som vart oppattbygd. Det var i bruk heilt til i 1974 då bygda fekk veg og ferja slutta å gå. Restaureringshandverkar Peter Brennvik frå stiftinga, meinte at kaia og kaihuset som eit heile, utgjer eit miljø å ta vare på, ettersom både kai og kaihus er i ganske original stand. Det er ikkje mange slike opphavlege kaimiljø att her på indre, så han meinte det var god grunn til å sjå nærare på eit prosjekt her. Brennvik vil kontakte fylkeskonservatoren i høve saka og saman med kailaget vil han gjennomføre ei ny synfaring, denne gongen også med båt. Føremålet er å gjere ei tilstandsvurdering med berekningar for kva som må til av restaurering på kai og kaihus. Synfaringa vil bli forsøkt gjennomført allereie i juli månad. Deretter blir det truleg ny dialog med fylkeskonservator i samband med ein eventuell søknadsrunde til hausten. Katrin Blomvik seier at stiftinga så definitivt fatta interesse for kaiområdet i Fjørå og vil forsøke å gje ei hjelpande hand til eit engasjert og aktivt kailag i Fjørå.

– Det blir spennande å sjå kva vi kan få til saman her, seier ho.

Previous post
Next post

Comments are closed.