Gammal skuleveg

Det er ein flott tur og ein fin veg. Vêret så langt spelt på lag med dei som går gamlevegen til Berge frå Einerhaugsvingen i Eidsdal.

Tek i bruk den gamle vegen

Måndag førre veke gjekk raset på fylkesveg 63 ved Berge i Eidsdal. Så lenge vegen er stengt, må skuleelevane og ander nytte den gamle bygdevegen for å kome seg dit dei skal. Logistikken løyser dei ved å ha bilar i kvar ende.

galleri

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Der den nye Rønnebergvegen startar, i Einerhaugsvingen på vegen opp til Berge i Eidsdal, går skuleelevane av bussen. To foreldre er allereie på plass på staden for å gå i lag med dei minste og bere litt varer, for til slutt å køyre elevane heim det siste stykket.

Kjekt i starten

Kjell Narve Indreeide hadde varer som skulle leverast rasdagen, så han køyrde om Stryn for å levere dei i Sykkylven og i Ålesund. På heimvegen sette han varebilen i Einerhaugsvingen og gjekk gamlevegen til Berge. I dag har han med ryggsekk for å få med seg nokre delar som ligg i bilen. Carolin Eide kjem smilande ut av skogen og er òg sjåfør denne dagen.

– Folk er flinke til å hjelpe kvarandre og meldingar og telefon er flittig brukt, seier ho.

Starten på vegen til Berge er bratt, men det går ikkje lange stunda før den gamle vegen svingar inn i skogen og etterkvart flatar ut. Utsikta er flott når du ser deg attende. I byrjinga var det stor stas og berre kjekt å gå, men fleire av elevane gjev uttrykk for at dei gjerne kunne vore utan denne spaserturen no. Tysdag førre veke då borna gjekk denne vegen small det høgt då entreprenøren, Implenia Norge, brukte dynamitt i sikringsarbeidet. Då var det fleire av elevane som fekk seg ein støkk, men dei skjøna raskt kva som hadde skjedd.

Heldig med vêret
Martin Berg er lærar ved Eidsdal skule og seier det er flott at foreldra stiller opp slik dei gjer.

– Elevane var veldig gira i starten og syntest det var spennande med denne gåturen, men no trur eg dei har fått nok, smiler han.

Vêret har vore bra den tida elevane har brukt beina på gamlevegen og det er dei sjølvsagt glade for. Førre torsdag hadde korpset i Eidsdal juleverkstad på skulen i Eidsdal og då vart det stemningsfull spasertur med hovudlykt for born og vaksne på heimvegen.

Folk langs vegen
Det er ikkje berre elevar som var ute og for langs den gamle vegen sist torsdag. Det vert ei spesiell stemning når kvardagsrutinane vert forandra og folk kjem nærare kvarandre. Når eg kjem plystrande i unnabakke på heimveg, treff eg Per Arne Løvoll. Han ber på ein potetsekk og minnest at dei aksjonerte ein dag då han gjekk på ungdomsskulen i 1969.

– Då gjekk vi òg denne vegen for å protestere mot det vi synest var ein farleg skuleveg, seier han.

Litt lengre nede kjem busssjåfør Asbjørn Aarset gåande. Han har køyrt buss på strekninga og passert rasstaden uttallege gongar utan at det har kome stein ramlande.

Må vere trygt
Egil Berge fekk torsdag i førre veke vitjing av fungerande ordførar, rådmann og Yngve Hovden frå FDV. Dei gjekk den gamle vegen for å sjå på tilhøva for å vurdere om den gamle vegen kunne rustast opp og brukast som kriseløysing i framtida, noko den kommunale delegasjon ikkje ville satse på. Ovanfor staden, der dei driv sikringsarbeid treff eg Steinar Vestnes og Kåre André Berge frå Statens vegvesen. Kåre Andre Berge seier dei hadde planar om å opne vegen onsdag i førre veke, men etter å ha brukt tid i terrenget i skjeringstoppen fann dei  ting dei ikkje kunne gå i frå. Torsdag ettermiddag venta dei på ei mobilkran frå Stryn som var høg nok og som skulle gjere den jobben.

– Det er vanskeleg å skulle ta ei avgjerd om å opne vegen, sikkerheita er sjølvsagt viktigast. Alle valte sikringstypar og løysingar blir kvalitetssikra av ein geolog, seier Steinar Vestnes.

Vegen der raset gjekk vart bygd i 1917 og før det, var det den gamle vegen som gjaldt. Eg spør fagfolket om kvar vegen skulle gått for at den skulle vore trygg, og svaret eg får er: Der gamlevegen går.

Next post

Comments are closed.