Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté

Musikarane i Ytre Suløens Jass-emsemble var: Aage Lade – piano, Kristoffer Tokle – trommer, Einar Aarø – banjo, David Gald – tuba, Tricia Boutté-Langlo, Andreas Rotevatn – trombone, Sturla Hauge Nilsen – trumpet og Lars Frank – klarinet/saksofon.

Svinga av i Stordal

Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté avslutta juleturneen sin i Stordal kyrkje sist søndag.

Alfred Nilsen
Torsdag 11. desember 2014

galleri

Mange ville oppleve konserten denne søndagen og medan vinteren festa grepet ute, skapte Ytre Suløens Jass-emsemble varme og svingande tonar inne med sin kjende gospel- og New Orléans-stil.

Svingande
Bandet vart starta i 1973 og Einar Aarø på banjo var ein av dei som var med på det. No er det kome nye og yngre krefter til som har ei spesiell interesse for denne musikkstilen. David Gald på tuba har vore med sidan 1992 og seier at dei yngre kreftene har spelt seg godt saman og at dei gjerne vil fortsette i bandet. Denne søndagen var Aage Lade innom ein snarvisitt på pianokrakken i staden for Morten Gunnar Larsen og bandet fungerte utmerket. Dei starta med ein eigen instrumental komposisjon før Tricia Boutté svinga seg inn etter kvart.

Stille og kraftfullt
Med banjo, piano, trommer og tuba i botnen kosa dei tre unge blåsarane seg og briljerte på sine instrument toppa av Tricia Boutté med både stemme og vesen. Utruleg dyktige musikarar alle saman, noko publikum sette stor pris på, på jazzvis, med å klappe etter kvar solo. Det svinga skikkeleg i kyrkja i Stordal denne søndagen og publikum fekk god valuta for inngangsbilletten og moglegheit til å kjøpe ein CD på veg ut.

Previous post
Next post

Comments are closed.