7000 år gamle funn på Fetegga

 

Dei to siste åra er det gjort mange og interessante funn i høgfjellet i området vårt. Astor Furseth er ein av dei som seint og tidleg leiter etter spor frå fangstfolket i høgfjellet.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Funn høgt til fjells kan tyde på at isen har fylt dalane eller dalsidene, og at det er reinen som gjekk her desse jegerane har jakta på.

900 bogestillngar
Astor Furseth har hatt med seg mange gode fjellvandrarar som har leita opp og registret fangstanlegg i høgfjellet. Dei siste to åra, når breane har trekt seg attende, kjem mykje gammalt tog interessant til syne og flotte funn er gjort, mellom anna ved Fetegga og Ringshornet. Heile 900 bogestillngar er registrerte og over 100 steinbuer som har vore nytta til overnatting, i tillegg har dei funne om lag 45 dyregraver.
– Mange av anlegga er det lagt ned mykje arbeid på, så fangstfolket har hatt kunnskap om kvar dyra har vore, seier Astor entusiastisk.

Fetegga
På Fetegga har dei registrert om lag 60 bogestilingar og gjort 600 funn av gjenstandar. Arkeologar har vore i området og registrert funn og terreng og no er funna sikkert datert til 6500 – 7000 år. Dateringsmetoden som er nytta vert kalla C-14 og er basert på at alle levende organismar inneheld ein liten konsentrasjon av den radioaktive karbonisotopen 14C. Når organismen døyr tar den ikkje lenger opp radioaktivitet og ved hjelp av halveringstid og samanlikning av matereia som lever i dag, finn dei ut nøyaktig kor gammalt funnet er.
– Så no er det ikkje noko synsing om gamle funn, men no veit vi sikkert at det har vore fangstfolk frå eldre steinalder på fjelltoppar rundt om oss, seier Astor Furseth.

Ringshornet
Opp på Ringshornet som ligg vest for Slettvikane i Valldal, har breen trekt seg mykje attende og der var det gjort interessante funn sist haust. Eit pileskaft er no datert med C-14 til å vere1500 år, medan nokre flotte beinpilspissar reknar arkeologane ved universitet i Bergen er mellom 3500 og 4400 år gamle. Desse ville dei ikkje øydelegge for å datere, fordi dei var så godt bevarte og flotte å sjå på.
På Oaldsegga i Eidsdal er det òg registrert store fangstanlegg og funn av bein frå rein som er datert med C-14 til å vere 5000 år. Astor Furseth reknar med at dei kjem til å finne eldre funn enn dei til no har gjort, og til høgare funna vert gjort, jo eldre reknar dei med at dei er.

Buplassar fortel mykje
Det dei som leitar etter spor frå lang tid tilbake drøymer om å finne, er ein verkeleg gammal buplass. Eit slikt funn vil kunne fortelje mykje om kulturen. På Fetegga vart det funne ein buplass i 2014 som no er datert til å vere 6500 år gammal. I Langfjelldalen vart det funne ein buplass i 2012 som vart datert til 10500 år.
Astor kan fortelje at arkeologane som har vore i området, er begeistra over funna som er gjort og at dei har lagt ned mykje arbeid med registreringane sine. Dei er grundige og finkjemmer området når dei først er i gong.

Fordel å vere pensjonist
– Å kunne dra til fjells akkurat når det passar og når vêret er bra, er eit gode. 2015 trur eg vert eit spennande år og når det no er stadfesta at det er eldre steinalder fangstanlegg og andre funn stammar frå, gjer registreingane av fangstanlegga rundt om skikkeleg interessante, seier Astor Furseth. Sotehornet og Oaldsegga ser han på som veldig interessante område og han gler seg til å utforske desse meir.

 

Linkar:

http://norark.no/undersokelse/ville-fjell-bogastoer-og-steinredskap-fetegga-i-norddal-kommune

http://astorfurseth.no/fjell.html

Previous post
Next post

Comments are closed.