Fleire, ikkje færre kommunar

Kommunereform, oksar og mykje anna vart det harselert med då nejaføringane inviterte til årsfest i Stordalshallen i helga.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no

Biletgalleri finn du etter teksten.

Årsfesten fekk ein fartsfylt start med Illyas og Didier og rap-songen ”Bere å vere nejafør enn uttafør”. To sjarmerande karar som på ingen måte var utanfor. ”Hesten og musa” var ein artig liten sketsj med Per Anker Vad som alvorstung forteljar.

Livets store mysterium
Enkelte har store planar om å byggje innhaldsrik takterrasse over Coop. Det skal vere både spaavdeling, symjebasseng, boblebad og trimrom der oppe. Problemet er at noko slikt kostar pengar. Mange pengar. Dermed vert det lagt ein slu plan om å rane banken. Og damene som står for planlegginga har lagt den perfekte planen for å få banksjefen til å gje frå seg pengebehaldninga: true med å øydeleggje sveisen hennar! Damene møttest fem på fire ved banken – for å utføre ranet rett før stengetid, men vart storleg overraska då døra var låst. Plakaten med opningstid fram til klokka tre hadde gått dei hus forbi. Dermed vart bankranet avlyst.

Men ein kan jo undre seg over kva dei banktilsette eigentleg held på med etter stengetid klokka tre. Iallfall undra Bjørnar Midtbust seg over det. På rim.

– Ka i svarten he dei føre seg i banken etter tre, spurte han. Kan hende har dei pornomatiné inst i hvelvet, eller har dei skumle planar mot kyrkje og stat – eller er det rett og slett slik at dei brenn i eit brennevinsapparat. Bjørnar kom ikkje noko nærare eit svar, men kan hende kan nokon løyse mysteriet for han…?

Selfie
Bjørnar Midtbust var på scena også på neste nummer, denne gongen saman med Amalie Ekroll Hove og saman framførde dei sin eigen versjon av Alf Prøysen sin ”Tango for TV”. ”Tango for Face” hadde dei to kalla songen der dei harselerte med meir eller mindre vellukka sjølvportrett, eller selfie som det heiter på godt norsk.

Så var det mannen som så gjerne ville ha kjøtkaker til middag på Nilsgardstunet. Peder Anker Vad var den svoltne mannen, som etter kvart fekk kritikk både for slips, belte, sko og anna av Siri Katrin Øcalan og Nicolai Huse. Dei gjekk langt for å få han til gå bli så lei at han gjekk sin veg – dei var nemleg tomme for kjøtkaker.

Ein hyllest til Oddvar Torsheim hadde dei også funne plass til i innslaget ”Galningen”. Nok ein gong var det Bjørnar Midtbust som song, men denne gongen godt assistert av korjentene Yoon Chang, Amalie Ekroll Hove, Vilde Lorgen Øvrebust og Emilie Sylte Hove.

Okseaksjar
Sjøvsagt hadde programmakarane fått med seg okseplanane, og ”Nejafør News”, den hardtslåande nyheitskanalen, kunne melde om tidenes oljefunn i fjorden. Amalie Ekroll Hove hadde arbeidd i skjul for å finne ut av alt det mystiske som gjekk føre seg kring bensinstasjonen. Ho oppdaga at 98-oktantankane som elles ikkje er i bruk, var fulle av råolje. Rørleggjaren har tilsynelatande vore overbooka i lange tider, men har eigentleg arbeidd med å utvikle teknologien til å hente opp oljen.

– No når Kenneth og Frank har skote gullfuglen, vert det sagt at dei spyttar inn eit ukjent beløp til kjøtproduksjon i Vad-bygget, avslutta ho.

Ein kusketsj må ein også ha, særleg når kyrne i bygda kanskje kan sjå fram til heile 1500 fyrrige oksar i sentrum. Ingjerd og Marthe gjorde seg godt som kyr litt på kanten.

Nye kommunar
Hallgeir Hove er som mange har fått med seg ingen stor tilhengar av kommunereforma, og han viste til at Stordal allereie har erfaringar med å vere i ein storkommune, noko som ikkje var så vellukka. Han fatta håp då Senterpartiet føreslo å dele Oslo inn i mange små kommunar. Så kva med å dele Stordal kommune opp i fleire kommunar.

– Smått er som kjent gøtt, meinte Hallgeir.

Han hadde lagt vekt på at dei ulike grendene har ulike kulturelle kjenneteikn, og hadde kome fram til følgjande. Øvre Stordal kommune med Johan Arnt Overøye som sjølvskriven ordførar, bartender og brøytemannskap.

– Forøvrig vil det vere einaste kommunen med eiga prinsesse.

For å gi kommunen inntekter, vert det innført eigedomsskatt på hytter under 150 kvadratmeter, dei med større hytter slepp.

I Dyrkorn kommune er Bjørg Jacobsen ordførar.

– Ho er så effektiv at ho driftar heile kommunen åleine. Og røykelova gjeld sjølvsagt ikkje her, fortalde Hallgeir. Inntektene kjem ved bompenger og sal av suppe – bomstasjonane fungerer også som suppekjøkken.

– Men det går rykter om ein utbrytarrepublikk i Øvre Dyrkorn med Johan Dyrkorn som president, kunne han fortelje.

Så har ein Stordal sentrum kommune med Knut Hove som ordførar. Han vil gjenopne posthuset – ”Post & Politikk”. Kommunen vil få eige kontor i Brüssel, og Gert Rietman vil bli kommunen sin EU-utsending, medan Riimo Eisma blir EU-ambassadør.

– Han driv jo allereie med EU-kontrollar og det er ei smal sak å endre namnet på verkstaden frå EK Bil til EU Bil, meinte Hallgeir som la til at storfjøsen i Vad-bygget er heilt i tråd med EU sin politikk.

Deretter har vi Kirkebø eller Paradis kommune. Ordførar her blir sjølvsagt Ragnhild Fauske, og dette vil vere ein kulturreligiøs kommune der to kyrkjer og eit bedehus er eit must. Her vil Moselova gjelde i staden for kommunelova.

Den siste kommunen er det Per Ivar Skodjereite som styrer, og han arbeider mellom anna for at landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune skal lokaliserast på Løset. Med seg som økonomisjef har han Anna Margrethe Drægebø Moe. – Eit opplagt val, meite Hallgeir som minte om at sjølv om det er vel og bra med sjølvstendige kommunar, så er det likevel eitt område der eit interkommunalt selskap må til: Stordalshallen, for å sikre at han framleis kan drive med alt det han driv med.

Kosa seg
Songnummer var der også – av ulike sjangrar. Kvartetten som song ”Vestlandskysten” var ein munter gjeng, medan Amalie skapte vakker stemning med ”Vandre langs elva”. Bjørnar Midtbust stilte med ein hyllest til Mosætra i songform. Men dagens aller festlegaste og for enkelte mest overraskande, var ”Mesta som ein bass”. Song gjorde også Bjørg Moltu. Om den grå og slitne bibliotekaren som skulle setje på vaskemaskina… Det vart eit forrykande nummer med ein biblioteksjef i storform og fire sjubiduajenter på scena. Så vart det heile avslutta med avslutningssongen ”Pomp og prakt”, norske flagg.

Innimellom det heile var det matpause med knallgod gryterett med ris og salat til. Det vart dekt opp til kring 460 personar i hallen, og truleg var det godt over 400 stordalingar til stades for å få med seg programmet denne laurdagskvelden.

Neste år er det Dalane sin tur å arrangere årsfest – Anne Berit Løset er utpeikt som leiar av komiteen og Johan Arnt Overøye som nestleiar.

Previous post
Next post

Comments are closed.