Det nærmar seg lamming

Oddmund Ansok la ein gong ned drifta på garden på Ansok. Etter nokre år då skog og kratt var i ferd med å sluke bøane, som i mange hundre år hadde vore i drift, tykte han det vart for trist at den fine plassen skulle ende på den måten.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no
Torsdag 19. mars 2015

I 1973 bygde Oddmund Ansok hus i bustadfeltet på Lied i Liabygda. I 1978 bestemte han at garden på Ansok ikkje skulle gro att og gjekk laus på skogen for å opne oppatt landskapet.

Sau må til
Men å rydde plassen for skog var ikkje nok, så han skaffa seg nokre få sauer og fekk rydda ei lita bot slik at han hadde fôr til dei. I dag er det om lag 20 mål med overflatedyrka mark, i tillegg til eit dyrka beite på 5 mål.

– For å halde landskapet ope måtte sauen attende og i dag har eg i overkant av 50 vinterfôra sauer her, seier Oddmund og viser veg inn i fjøsen. Det luktar tørrhøy og sau, ei god lukt for dei som har sans for slikt, det er som om lukta fører deg attende i tid. Fjøsen og løa vart sett opp i 1928 og er slik løer var den gongen, lafta fjøs og reisverk oppe i løa. Bonden på Ansok har rigga seg til med godt lys og papirsekkene står klare med papir til å legge mellom fellane lett tilgjengeleg. Han har tre fire sauer att å klippe og for å få gjennomført den jobben har han hatt god hjelp av systera si.

– Etter at vi tok til att med drift her på garden, har ho og mannen hennar vore til stor hjelp.  Slekt og vener i bygda hjelper meg og gjer det mogleg for meg å drive garden. seier Oddmund. Han har rokke å bli 75 år, systera nokre år eldre, og han har tenkt å halde på med sau så lenge helsa held.

Snikkaren
Oddmund har i mange år livnært seg som sjølvstendig næringsdrivande i snikkarfaget.

– Eg arbeidde fyrst som fabrikkarbeidar i møbelindustrien før eg vart sjåfør på godsruta nokre år. Så bestemte eg meg for å omskulere meg til bygningsarbeidar. Det har eg halde på med heilt fram til no, i tillegg til garden då, seier han.

For tida er det lite med snikkaroppdrag, no har han nok med sitt eige vedlikehald, slikt arbeid som han tidlegare hoppa over. Det var i 1982 han reiv gamlehuset på garden og sette opp eit nytt som er akkurat passeleg og mykje meir praktisk enn det gamle. Han bur på Lied og er ut på Ansok og fôrar dyra ein gong om kvelden fram mot lamminga. Når den tek til flyttar han ut på Ansok. Lamminga set inn for fullt 25. april og før det har han eit par sauer som er inseminert som skal lamme. Dei vart inseminert litt tidlegare i tilfelle dei ikkje tok lam og måtte parast med ein ver, slik som dei andre.

– Han Jørund på Ringset, Knut Ole på Overå og eg har eit godt samarbeid og hjelper kvarandre om det skulle vere noko vankeleg under lamminga. Det gir ei tryggheit eg set stor pris på, seier sauebonden på Ansok.

Spel- og nokre pelssau
Men seminen, som han kallar dei, tok lam og faren er ein staseleg kar, plukka ut frå ein katalog.

– Å gjere det på den måten med eit par sauer kvart år, gjer at vi heile tida forbetrar flokken og det er spesielt gode bein eg ser etter, og ullkvaliteten. Ulla er ikkje så godt betalt lenger, men likevel betyr det noko, seier sauebonden.

I tillegg til spelsauene har han nokre pelssau som han har fått frå Overå. Resultatet av sauehaldet er han rimeleg godt nøgd med, men han mista i år om lag åtte – ti lam. Årsaka var hjernemark, ein parasitt som hjorten er vert for og som smittar til sauen. Oddmund har ein sau gjennomsnittleg i sju år. No er straks alle nyklipte og fine, han er forsiktige med å vri og bende på dei medan han klipper, no når dei har lam. Når ulla er borte er det lett å sjå kva hald sauene er i og om dei treng litt ekstra fôr.

– Den der, seier Oddmund og peikar, – har sikkert tre lam og må få litt ekstra forpleiing.

Likar dette livet
Oddmund trivst godt med å ha ansvaret for dyra og seier han får både mosjon og selskap av å vere i kontakt med dei. Garden er ikkje lett å drive og det er mykje manuelt arbeid, så han held seg i form. Bøane vert slått med slåmaskin og han svansar inn det høyet han når tak i med transporteren og det andre må riva nyttast for å få i hus. Då han blei pensjonist, fekk han mindre tilskot frå staten, dette synest han var urettferdig og han tykte det var rart at ikkje bonden også kunne vere yrkesaktiv lengre. Dette vart det gjort noko med, slik at i dag vert ikkje tilskotet redusert sjølv om du er ein gammal mann eller kvinne og driv gard som enkeltmannsforetak. I 2007 var Oddmund på forsida av Nationen og uttrykte sin frustrasjon over saka og fortalde at det ikkje var alle som hadde nokon som kunne ta over etter seg og drive garden vidare.

Nokre rundballar
I tillegg til fôret han haustar på garden kjøper han åtte – ti rundballar for å ha nok fôr gjennom året. Oddmund la merke til at hjorten likte godt å gnage og ete barken av ospa, så han tenkte at kanskje sauen òg likte det. Det gjer dei og inne blant sauene ligg ei ospestamme som er god å gnage på.

– Eg trur ikkje dei gjer det berre av tidtrøyte, men at det er som eit kosttilskot dei treng, og så sparer eg ein del innreiing på det, seier den lune snikkaren og sauebonden. Vegen ut til Ansok er ein flott turveg som mange nyttar seg av. Stranda kommune brøyter vegen dit ut der det er to gardar. Nabogarden vert ikkje driven, og Oddmund kan nytte bøar og beite.

Previous post
Next post

Comments are closed.