Den siste viking

I 1970 kjøpte firmaet Alstadsæter Sementvarefabrikk i Valldal  ein brukt Volvo Viking av Automobilagenturet, Volvoforhandlar i Ålesund. I dag er den godkjend som verneverdig køyrety med restriksjonar på bruk.

Folk sperrar augo opp når eigar Magne Alstadsæter kjem køyrande med Vikingen og smila i andleta er ikkje til å ta feil av, dei vert glade.

Varer og sand

Magne Alstadsæter fortel engasjert om historia til den gamle lastebilen. Då dei kjøpte bilen hadde den same farge som den har i dag. Logoen på dørene var det den ikkje heilt ukjende Terje Fagermo som laga sjablongen til. Lasteplanet har tipp og den hadde kran då dei kjøpte den. Det er mange som har fått levert murblokker til grunnmurane på huset sitt av denne bilen.

– Eg tok lappen i 1971 og sidan den gong har eg vore på mange leveringsoppdrag i norddalsbygdene. Tidleg på syttitalet var det daglege turar med ferja frå Linge til Stranda og til bustadfelta der. Skulle eg til Liabygda og Stordal var det ferje frå Linge til Overåneset, seier Magne Alstadsæter.

Då bilen var 20 år gammal vurderte dei å la han gå på fyllinga, men så hadde den ein bruksverdi og dei trengte ein bil til å køyre sandlass til sementvarefabrikken, fem lass om dagen på det meste. I 1974 kjøpte dei større bil med bakmontert kran for å køyre ut varer. Frå den dagen køyrde Vikingen ikkje ut varer lenger, men vart berre brukt til å køyre sand frå tre ulike leverandørar i Valldal til Alstadsæter Sementvarefabrikk. Fyrst Br. Dyrøy, som hadde sandtak i Djupøyna, så Storfjord Sanddrift for til slutt å køyre sand frå Syltemoa Sandtak.

Historisk verdi

– I transportbransjen lo dei av den grunna lita lasteemne og ikkje så mange hestekrefter å vise fram, men så gjekk det 30 år og vi starta å stelle og vedlikehalda den gamle bilen og fekk tak i delar som vart bytta ut og bilen fekk ein historisk verdi etterkvart.

– Det var denne bilen eg starta å køyre med og eg fekk vel eit forhold til den, og eg har alltid hatt ei interesse for gamle køyretøy. Då vi oppløyste firmaet, løyste eg ut bilen slik at den vart min eigedom, seier Magne Alstadsæter.

Tysdag i førre veke var Magne på biltilsynet med bilen og der den vart godkjend som verneverdig køyrety. Det er verkstadene Sjøholt Last & Buss as i tillegg til Wist Last & Buss som har gjort arbeidet på bilen. 

– Sist vinter var Vikingen på motoroverhaling på Wist. Der har eg fått god hjelp til å skaffe dei rette delane og dei likte godt å skru på den gamle bilen. Spesielt lærlingane på verkstaden hadde sans for den gamle bilen, seier Magne.

Tidene endrar seg og no seier riksantikvaren at skal slike køyrety skal inn i varmen når det gjeld å ta vare på det historiske. Dei var òg med å bygge landet er tonen frå den kanten i desse tider.

Miljø

Den historisk interessert Magne Alstadsæter er medlem i facebookgruppa «Transporthistorie i Møre og Romsdal» og Storfjorden Automobilklubb. I miljøet er det mange som kjenner til den gamle blå lastebilen i Valldal. Den vart invitert til å vere med å opne Tresfjordbrua i 2015 og i år til Syltemartnan i Tresfjord. I mai i år var lastebilen med på Flåklypa Grand Prix i Lom, eit veteranbilløp med mange entusiastar og Magne fortel at det var litt av ei oppleving å vere med på.

Det er ikkje så ofte bilen er ute og køyrer, men ein tur fram i dalen ein søndag av og til er viktig for å halde maskineriet i gang. Eigaren køyre ikkje så lange turar, fordi det er ein del støy med gamle bilar og motor utan turbo.

– Det er eit miljø for slikt på dei sosiale media der det er mogleg får tak i originaldelar, men du skal vere tolmodig, fortel Magne som brukte to år på å få tak baklysfestet.

Samferdselshistorie

Den gamle Vikingen har fått med seg viktige periodar i vegutbygginga her i distriktet. Den har vore på vegen sidan Fjøråtunnelen vart bygd, Tafjordtunnelen og Lingetunnelane. Ny ferjekai på Gravaneset og Stordalstunnelen òg sjølvsagt, i tillegg til store vegforbetringar. Det var ikkje berre berre å drive i transportbransjen med vegar som ikkje tålte meir enn seks tonn akseltrykk.

Magne Alstadsæter har brukt mykje tid og ressursar på å halde den gamle lastebilen i orden og er glad han har teke vare på ein del av historia som folk kan ha glede av.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Previous post

Comments are closed.