Breiflabb på land

Foto: Lena Solberg.

På vandring langs fjorden på Linge vart borna Frida, Ingebjørg og Maja merksame på denne skumle fisken. Det var Maja som oppdaga den og alle lurte fælt på kvifor den låg på land, den som var fisk.

Det er hofisken som vert størst og den kan bli opptil to meter lang med ei vekt på 100 kilo, men det er ikkje ofte slike beist kjem til syne.

På breiflabben på Linge hadde dyr allereie starta å nyte godbiten. Kvifor den låg på land er det ingen som veit, men lokalavisa kan kome med eit råtips. Den låg heilt stille og prøvde å lokke til seg småfisk med ei antenne den har på hovudet, men det var ikkje mykje av den sorten den dagen, så den sovna rett og slett. Og før den fekk opp att augo, var det blitt fjøre sjø og umogleg å kome ut att i fjorden.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no