Britt Ingunn Maurstad ny redaktør i Storfjordnytt    

– Dette gler eg meg til, seier Britt Ingunn Maurstad (49), som tysdag blei tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Storfjordnytt.

Britt Ingunn har arbeidd fast som journalist i avisa sidan desember 2009 og eitt års tid før dette som frilansar.

Ho kjem opphavleg frå Gjettum i Bærum, men ættar frå Eidsdal, dit ho flytta i 1999. Då tok ho over heimen til besteforeldra – også kjend som Haugtun.

– Dette blir spennande – og også ei utfordring med tanke på økonomien. Men heldigvis er ingenting er slik at det ikkje kan løysast, understrekar Britt Ingunn.

Storfjordnytt mista på tampen av fjoråret to større annonseavtalar – den eine med Norddal kommune. Det fører til eit inntektstap for avisa på nær 200.000 kroner.

Britt Ingunn tek over etter Audun Skjervøy, som har fungert som redaktør og dagleg leiar i ein overgangperiode etter at Randi Flø slutta i avisa i fjor. Audun held fram som redaksjonell medarbeidar inntil avisa får tilsett ein ny journalist.

Audun Skjervøy