Budsjett og økonomiplan til første politiske handsaming

Formannskapet i Norddal har hatt første utgåve av framlegg til budsjett og økonomiplan til handsaming. I tillegg til lang debatt vart det mange spørsmål til økonomisjef Anne Nygård.

Første framlegg til budsjett for 2016 og økonomiplan fram til 2019 vart lagt fram for formannskapet i Norddal denne veka. Framlegget frå administrasjonen er ikkje lystig lesing.

Innstillinga frå rådmannen vart vedteken slik den låg føre. Ramma til fordeling til drift neste år blir på 125.502.000 kroner.

Ramma for investeringsprosjekt vert på 5,5 millionar kroner og 500.000 til andel KLP, noko som skal finansierast ved bruk av investeringsfond (elverkfondet) og momskompensasjon.

Talet på årsverk skal ved utgangen av 2016 vere redusert til 175. Desse punkta var det eit samrøystes formannskap som stilte seg bak.

I tillegg vedtok fleirtalet i formannskapet – mot dei to røystene til Tverrpolitisk liste – å be rådmannen om å utgreie eigedomsskatt for hus og hytter frå og med 2017 for å dekke inn ubalanse i økonomiplanen.

Einingane ønskjer meir

Rådmannen har lagt det regulerte budsjettet for inneverande år til grunn då kommunalsjefar og einingsleiarar vart bedne om å utarbeide framlegg til budsjett for einingane sine.

Regulert budsjett til drift i år er – etter bruk av fond – på 129 millionar kroner. Grunnen til den store reduksjonen i ramma frå i år til neste år er hovudsakeleg at det i år vart nytta 3 millionar kroner av driftsfondet for å regulere budsjettet. I tillegg forventar rådmannen at kraftinntektene blir lågare neste år.

Spriket mellom framlegga frå einingane og ramma som er sett var stort, heile 12,6 millionar kroner, og rådmannen skriv i saksutgreiinga at det har vore ei utfordring å redusere framlegga deira med så mykje.

Det står å lese i saksutgreiinga at administrasjonen mellom anna har nytta Kostra-tal for å samanlikne driftsnivået i Norddal kommune med andre kommunar og på den måten kome fram til ei fordeling mellom dei ulike sektorane/einingane.

7,2 millionar kroner ned

Rådmannen fortalte innleiingsvis at målsettinga er å ende med eit budsjett i balanse og ein økonomiplan med avsetting til fond.

– Status er at driftsfondet er brukt opp, og vi reknar med å kome i balanse med den utførte budsjettreguleringa. Driftsnivået vårt er for høgt, i tillegg til auke i løns- og prisvekst. Vi manglar 7,2 millionar kroner for å få budsjettet i balanse. Det som er spesielt med Norddal kommune er at det er mange kommunalt tilsette sett i høve innbygghartalet, difor påverkar løns- og prisvekst kommunen i stor grad, sa han.

Rådmannen vil i større grad enn tidlegare styre på årsverk for å sikre betre kontroll på kostnadene, og ei gjennomsnittlig utgift per årsverk på 600.000 kroner, vil seie at ein må ned tolv årsverk for å ta inn 7,2 millionar kroner. Men sjølv med ein slik reduksjon viser prognoser for inntekter og kapitalkostnader i perioden 2017-19 at dette ikkje vil vere nok, mellom anna vil kommunen få auka faste kostnader når kommunen frå 2017 må betale avdrag på lån tatt opp til idrettshall/kulturhus. Ifølgje rådmannen vil ubalansen berre auke med åra.

Rådmannen meiner, med bakgrunn i analyser gjort av Telemarksforsking og KS/Kommunebarometeret, at kommunen har potensial til å redusere utgiftene ytterlegare på skule, helse, pleie og omsorg og administrasjon.

Det første utkastet til budsjett og økonomiplan er lagt fram med ei underdekking for 2018 og 2019, og rådmannen meiner at det kan vere ei løysing – i tillegg til vidare reduksjon i driftsnivået – å skrive ut generell eigedomsskatt.

Økonomigjennomgang

Ettersom mange av medlemmane i formannskapet anten er nye eller har vore ute av politikken ei stund, hadde økonomisjef Anne Nygård ein gjennomgang for formannskapet om budsjett og økonomi.

Ho forklarte om todelinga av budsjettet, med ein driftsdel og ein investeringsdel, at kommunen ikkje har høve til å låne til drift, men at kan låne til investering i eigne varige driftsmidlar og at fond i investering ikkje kan overførast til drift. Formannskapet fekk også forklart kva inntekter kommunen har som til dømes skatteinntekter, rammetilskot frå staten, salg av konsesjonskraft og anna.

Drifta av ein kommune og skilnaden mellom lovpålagte oppgåver og politiske prioriteringar, var ho også innom. Dei lovpålagte oppgåvene er eit minimumskrav til kommunane, at Fylkesmannen gjennom jamnlege tilsyn følgjer med på korleis kommunane løyser desse oppgavene, dei poitiske prioriteringane som ikkje er lovpålagte.

Fjordhagen

Næringsfondet og bruken av det var også eit tema i orienteringa til økonomisjefen. Næringsfondet skal nyttast til næringsformål og at vedtektene/retningslinene for fondet skal godkjennast av Fylkesmannen, også dei til Norddal kommune.

Formannskapet fekk også vite at det er avgrensingar i bruken av næringsfondet og at Norddal kommune ofte har nytta næringsfondet til ting som ikkje er i tråd med retningslinene. Eit døme på det er støtta til Landbruk Nordvest.

– Det er i utgangspunktet mot retningslinene våre, berre så de er klar over det, sa ho og meinte det ikkje er nokon grunn til å halde fram med å gjere ting som ikkje er rett. Og så er det dette med offentlege anskaffingar og det som kallast bagatellmessig støtte, begge delar er det klare reglar på som kommunane ikkje kan sjå vekk frå.

– Ein kan ikkje setje bort ei teneste og seie at Fjordhagen skal drifte den, for då kjøper vi ei teneste og når vi kjøper ei teneste, er det ei offentleg anskaffing, sa ho og gjorde merksam på at ei teneste med ein verdi over ein treårsperiode på meir enn 500.000 kroner, skal ut på Doffin på anbod.

– Då kan kven som helst som yter slike tenester leggje inn anbod med konkurranse på pris. Vi kan ikkje seie at Fjordhagen skal gjere denne tenesta for oss, slo ho fast.

Haakon Myklebust (Sp) lurte på om det også gjeld slike ting som førstelinetenesta som er ein sentral del av det Fjordhagen driv med. Til det svara økonomisjefen eit klart ja.

– Det har vi ikkje lov til å halde fram med. Vi må anten drifte det sjølv, leggje det ut på anbod eller holde den samla summen i treårsperioden på under 500.000 kroner, sa ho. Ho nemnde også at løyvinga over næringsfondet til DGT var i strid med regelverket, men at det no er historie.

– Men framover kan vi ikkje trå over reglane og bagatellmessig støtte og offentlege anskaffingar, meinte ho og bad formannskapet om å ha dette med seg vidare.

Arne Sandnes viste til dei ulike partiprogramma der partia ser føre seg at Fjordhagen kan utføre nokre av dei næringsretta tiltaka finansiert av næringsfondet.

– Kan ein dele dette opp i ulike temaområde, spurte han.

– Då beveger vi oss i grenseland, for reglane går på kjøp av tenester innafor same tenesteyting. Det ville ikkje eg sagt var greitt, utan at eg kan jusen i dette veldig godt, svara økonomisjefen. Ho minte om at avtalen om førstelinetenesta går ut i 2016 og at ein då må ta stilling om det framleis skal vere ein teneste ute. I så fall må det ut på anbod.

– Difor har vi lagt inn midlar i budsjett og økonomiplan til oppbygging av tenester i eigen regi, men ein kan sjølvsagt seie at ein skal leggje tenesta ut på anbod, sa ho.

– Krevjande

Rådmannen minte også om at ein i arbeidet med budsjett og økonomiplan må tenkje meir enn eitt år om gangen, om å sjå dei store linene. Han presiserte også at det er viktig å kome dit at ein kan byggje opp reserver, for situasjonen kommunen no er i karakteriserte han som låk.

Viktor Valdal var samd med resten av formannskapet og administrasjonen i at budsjettarbeidet kjem til å bli krevjande.

– Rådmannen si innstiling er totalramma og så skal etatane balansere innafor dei rammene som er gitt, det vil vere ei utfordring, sa han og som eit døme brukte han ungdomsskulen i Eidsdal.

– Om den skal vernast, blir det ei gigantisk nedskjering på andre ting, sa han som håpte at administrasjonen greier å skjere ned så mykje som føreslått og likevel halde eit forsvarleg tenestenivå.

Per Magnus Berdal meinte at å redusere med tolv årsverk vil bli krevjande og det vil merkast.

– Men slik den økonomiske situasjonen no er, må vi det. Då er det opp til administrasjonen å kome med den mest fornuftige måten å gjere det på, meinte han.

Ordføraren avslutta ein lang diskusjon med å seie at det er opp til formannskapet å finne endå betre løysingar enn det administrasjonen har.

– Det kan bli krevjande, sa han og oppmoda til arbeid både i partigruppene og mellom partigruppene om dette.

– Det er ingen tvil om at dette vil smerte, og vi må vere kreative. Og til dette med eigedomsskatt. Det er ingen som vil ha det om ein kan unngå det, men alternative er å bli styrt av Fylkesmannen og det er jo ikkje så kjekt. Men ser ein på kostratala isolert sett, er det truleg muleg å få til dette, meinte han.

Budsjett og økonomiplan vil kome attende til politikarane i fleire rundar før det endeleg skal vedtakast av kommunestyret på siste møtet før jul.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no