Budsjettet ute på høyring

Idéar vart myldra i massevis, til vidare bruk for Vekst i Stordal sitt møte i januar 2015

Førre veke vedtok formannskapet i Stordal budsjettet for 2016. Det ligg no ute til offentleg gjennomsyn før det vert endeleg handsama av kommunestyret neste veke.

Stordal kommune har i ei årrekkje nytta netto rammebudsjettering, med gode erfaringar. Det vil seie at kommunestyret gjev etatane/ansvarsområda budsjettrammer og at einingane sjølve styrer innanfor sine nettobudsjett og rapporterer på tilsvarande nivå til kommunestyret gjennom kvartalsvise rapportar. Det ligg med det til etatsjefane og deira avdelingsleiarar å styre innanfor rammene og å syte for at innafor rammene vert ytt minst like gode tenester som tidlegare år.

Rådmannen sitt framlegg

Den totale budsjettramma for Stordal er på 75 millionar kroner. Utfordringa for Stordal til liks med dei fleste andre kommunar, er at store delar av budsjettet er knytt opp til lønsutgifter. Vidare skriv rådmannen at kommunen er knytt opp til fleire interkommunale samarbeid som også bind opp midlar i budsjettet. Framlegg til statsbudsjett gir i utgangspunktet ei auke i ramma på 3,4 prosent og kommunestyret har tidlegare i haust dermed sagt at ein kan auke driftsramma med 3 prosent, men at ein ikkje flatt kan auke alle område med 3 prosent.

Rådmannen ser det kan vere behov for å gjennomgå dei interkommunale samarbeida og vurdere om dei har gitt den effektivitetsgevinsten ein såg føre seg då dei vart oppretta. Rådmannen nemner også eigedomsskatt som ei inntektskjelde, utan at det er vurdert no, men rådmannen registrerer at fleire nabokommunar anten har innført – eller vurderer å innføre – eigedomsskatt.

I tillegg er ordførargodtgjersla føreslått frikopla frå rådmannsløna – og etter å ha kika på kva andre kommunar gjer, føreslår rådmannen å knyte ordførargodgjersla opp mot det som er mest nytta, nemleg godtgjersla til stortingsrepresentantane. Prosentdelen som vert føreslått er at ordførargodtgjersla skal vere 90,91 prosent av stortingsrepresentantane si løn. Godgjersla til varaordførar er føreslått å vere 3 prosent av ordføraren si godtgjersle.

Foreldrebetaling i SFO vert auka med 4 prosent, det same vert satsane i kulturskulen. Barnehagesatsane vert føreslått sett til tilsvarande makspris fastsett av Stortinget. Også husleiger i kommunale husvere aukar i snitt med 4 prosent komande år, den same auka får også andre sals-, leige- og gebyrinntekter.

Tilleggsframlegg

Det det vart debatt om i formannskapet, var framlegga frå Frode Færøy (H) om 100.000 kroner ekstra til Barnas kommune-prosjektet og 500.000 ekstra til Vekst i Stordal – til å ha å bruke i 2016. Begge tenkt finansiert ved bruk av fond.

Det enda med ein lang diskusjon, særleg om det er rett å auke løyvinga til Barnas kommune – spesielt når ekstraløyvinga er tenkt knytt opp mot prosjekt Øvre Stordal. I tillegg kom ordførar Eva Hove (Ap) med framlegg om å opprette eit bunde fond til næringsutvikling/Vekst i Stordal der midlane er tenkt nytta til framtidige næringsutviklingstiltak. Også desse midlane er tenkt dekt inn ved bruk av fond.

Debatten enda med at det vart røysta over desse tre ekstra framlegga, i tillegg til rådmannen si innstilling til budsjett. Framlegget om å løyve 100.000 kroner ekstra til Barnas kommune, fall med tre mot fire røyster. Høgregruppa røysta for framlegget, resten av formannskapet imot. Derimot vart Høgre sitt framlegg om å løyve 500.000 ekstra til Vekst i Stordal til bruk neste år, samrøystes vedteke, det same vart Ap og Eva Hove sitt framlegg om å opprette eit bunde fond til framtidige næringsutviklingstiltak og setje av 500.000 kroner for 2016 i dette fondet, også samrøystes vedteke. Begge delar skal dekkast inn ved bruk av fond. I tillegg vart innstillinga frå rådmannen vedteken slik den låg føre – med dei nemnde tilleggspunkta.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no