Bygger leilegheiter på Overøye

Overøye Hyttegrend får ikkje berre hytter, men også leilegheiter for dei som ikkje vil ha alt det arbeidet ei hytte fører med seg.

Kommunestyret i Stordal vedtok reguleringsplan for Stolen Overøye på førre møte, og om Kong Vinter held seg unna, blir første spadetak tatt neste veke.

Prosjektet, som har fått namnet Overøye Hyttegrend, blir plassert rundt Stolen pub. Det nye i dette prosjektet samanlikna med tidlegare hytteutbygging, er at her blir det også leilegheiter – i tillegg til hytter.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom grunneigar Johan Arnt Overøye og MøreLaft AS som utbyggjar. Kenneth Brunstad i MøreLaft seier at om vêret vil det, blir første spadetaket tatt neste veke.

– Men det er det vinteren som bestemmer, om det legg nedpå med mykje snø, så må vi vente til vinteren er over med å starte opp, seier han. Dersom alt går som han håper og det er muleg å start opp neste veke, vil det første leilegheitsbygget kunne stå ferdig til påske.

– Men om det no blir skikkeleg vinter der oppe, kjem vi ikkje i gang før til påske og då blir dei første leilegheitene ferdige først til sommaren, seier Brunstad.

Stegvis utbygging

I reguleringsplanen som vart vedteken for eit par veker sidan er det regulert inn både leilegheitsbygg og vanlege hytter. Brunstad fortel at utbygginga vil skje stegvis, og ein startar altså med eitt leilegheitsbygg. Éin seksjon er allereie seld, og han har god tru på at det vert selt éin eller to seksjonar til før jul.

– Det er stadig fleire som ikkje har lyst på alt vedlikehaldet og arbeidet ei vanleg hytte fører med seg. Slike leilegheiter er eit nytt segment i området, og eg har stor tru på at det skal bli ein suksess, seier Brunstad, som inviterer nysgjerrige på synfaring på tomta og i området komande laurdag.

Frode Færøy, som mellom anna arbeider med å profilere og marknadsføre Øvre Stordal trur heller ikkje dette prosjektet blir vanskeleg å selje.

– Beliggenheita er midt i smørauget, storleik og prisar er tilpassa marknaden. Leilegheiter er med det midt i blinken for dei som ønskjer seg ein stad på fjellet, men som ikkje vil ha alt arbeidet ei hytte fører med seg, seier han.

Meir på gang

Men det er ikkje berre Stolen Hyttegrend som er på trappene i Øvre Stordal. Færøy fortel at det er eit anna hyttefelt som ligg til behandling i kommunen akkurat no. Det dreier seg om eit større felt ved Kvitlane, ved skytebanen.

– Dette er eit større felt og det vil kome til politisk behandling etter kvart. I tillegg er det nokre tomter tett på skianlegget, seier Færøy, som er glad for utviklinga i området.

– Det har vore lite tomter for sal, men no losnar det, det er kjempespennande, seier han.

Prosessen med reguleringsplanen starta for temmeleg nøyaktig eitt år sidan. Planen har vore ute på høyring, og høyringsfristen gjekk ut i slutten av september. Alle innspel og merknader er behandla, og det er teke omsyn til dei der det er nødvendig; særleg gjeld det motsegner frå naboar.

Reagerte på utnyttingsgrad

Merknaden frå hytteeigarane i området har peikt på at utnyttingsgraden for utbyggingsområdet er er høg, og dei bad om at utnyttingsgraden vart sett lågare i dei områda som grensar inn mot hytteeigedommane deira.

Det er vurdert som tenleg med høg utnytting i umiddelbar nærleik av skisenteret. Planområdet er inndelt i seks byggjeareal der hovuddelen av byggjeområdet, altså rett nedanfor Stolen pub, får ein utnyttingsgrad på heile 45 prosent, og ein ser for seg leilegheitsbygg i to etasjar med fire leilegheiter i kvart bygg, i tillegg til at det også er regulert inn frittståande hytter.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no